Kontrollutvalet 23. februar

23/02 2021 10:00 - 15:30
Fjernmøte jf kommunelova § 11-7 (digitalt møte) - teamsmøte
Skriv ut

Orienteringar

  • I sak KO 8/21 vil rådgivar Monica Solheim og rådgivar Maiken Røshol frå kompetanse- og næringsavdelinga, orientere om resultata frå elev- og lærlingeundersøkinga 2020. (inntil 15 min)
  • I sak KO 9/21 vil rådgivar Hilde Meringdal frå kompetanse- og næringsavdelinga, orientere om resultata frå brukarundersøkinga Karriere Møre og Romsdal  (inntil 15 min).
  • I sak KO 11/21 vil rådgivar Inger Lise Trønningsdal frå kompetanse- og næringsavdelinga, orientere om arbeidet som er gjort for å lukke pålegga frå Statsforvaltaren sitt tilsyn med vaksenopplæringa i Møre og Romsdal fylkeskommune. (inntil 15 min)
  • I sak KO 12/21 vil senior manager Tom Erik Vennesland frå Governance, Risk and Compliance i KPMG as, orientere nærare om status i undersøkinga av «Heilskapleg verksemdstyring og intern kontroll (inntil 40 min) (møtet blir lukka under behandlinga av sak KO 12/21, jfr kommunelova § 11-5, 3. ledd)
  • I sak KO 13/21 vil kontrolldirektør Tor Harald Hustad utdjupe om kontrollutvalet sin verksemdplan (inntil 20 min).
  • Til referatsakene vil kontrolldirektør Tor Harald Hustad orientere nærare om aktuelle saker. (Inntil 30 min)

Tidsplan

10:00 - 11:30 Saksbehandling etter saklista
11:30 - 12:00 Lunsj
12:00 -           Saksbehandling etter saklista

Møteslutt seinast kl 14:00

Saker til behandling

KO 8/21              Statusorientering om resultata frå elev- og lærlingundersøkinga

KO 9/21              Statusorientering om resultata frå brukarundersøkinga av
                           "Karriere Møre og Romsdal"

KO 10/21            Tilsynsrapport frå Arbeidstilsynet - Tilsyn med Nordøyvegutbygginga

KO 11/21            Tilsynsrapport frå Statsforvaltaran i Møre og Romsdal - Tilsyn med
                            vaksenopplæringa

KO 12/21            Statusorientering i undersøkinga - Heilskapleg verksemdstyring og
                            intern kontroll  (Ikkje offentleg: Off.lova §§ 23. 1. ledd og 24, 1. ledd.
                            Møtet blir lukka under behandlinga av saka, jfr kommunelova
                            § 11-5, 3. ledd)

KO 13/21            Drøftingsutkast - Verksemdplan for Sentrale kontrollorgan
                            2021-2024

RS 4/21               Oppfølgingsliste - kontrolldirektør orienterer

RS 5/21               Budsjettoppfølging 2020

RS 6/21               Endeleg reglement for kontrollutvalet, kontrollutvalet sitt
                            sekretariat og revisjonsordninga

RS 7/21               Kurs og seminar

På møteplan 2021 finn du sakspapira til møtet.