ALGER – framtidas industri i dag

27/03 2019 08:00 - 13:30
Thon Hotell Innlandet, Kristiansund
Skriv ut

Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer aktørar, forskarar, forvaltninga og andre interesserte til seminar om alger i Kristiansund 27. mars 2019. 

Alger blir sett på som ein nøkkel i det grøne skiftet. Vi vil lage ein møteplass for dei som jobbar med makro- og mikroalger. Sjølv om det er forskjellige typar produksjon og råstoff, trur vi det vil være nyttig å lære av kvarande, diskutere felles utfordringar og dele erfaringar.  

Seminaret vil gi deltakarane ein oppdatering på kva status er i dag, det vil blant anna bli foredrag av aktørar som driv kommersielt, og vi ønskjer å legge til rette for diskusjon om kva neste steg blir.

Treng du hotell må vi be deg bestille det sjølv.

Program: 

Tidsrom 27. mars 10:00-16:00

Pris på seminar er 700 kroner 

Studentar gratis