Historiefortellingskurs for opplevingsbedrifter

16/01 2020 12:00 - 17/01 13:00
Molde, Molde Fjordstuer
Skriv ut

Korleis utvikle og formidle ei god historie?

Formidling: Kva du skal fokusere på? Korleis skal du bruke stemma og kroppspråket? På dette kurset lærer du teknikkar og korleis du kan skape stemning og bygge opp situasjonen for å gi plass til historia du vil formidle.

Kva oppleving vil du gjere noko med? Vi presenterer opplevingar for kvarandre, og saman finne ut kva som kan passe å utvikle. Kva vil du gjere med i oppleving? Få idear og innspel frå andre.  

Korleis utvikle ei oppleving med formidling? Vi arbeider også med å utvikle historier basert på eit opplevings-produkt du allereie tilby. Korleis kan du bruke historiefortelling til å gi gjestane det lille ekstra?

Kurshaldar med lang erfaring: Klaus Løkholm Bergli frå Sadio nor Teater har 15 års erfaring som instruktør for folk som ikkje arbeider med teater. Han er dyktig til å forklare og finne fram til kvalitetane og ressursane i kvar enkelt. Les meir om Klaus og Sadio Nor Teater her: http://www.sadionor.com/om-oss/

Kven passar kurset for? Alle som er i kontakt med gjestar/kunder og skal formidle noko, enten det er innan kunst, mat, vin, kultur, attraksjonar eller aktivitetar. Kort sagt alle som møter gjestane våre enten du jobbar i service, reiseliv, mat- eller kulturnæringa.

Kurset går over to dagar (lunsj til lunsj)

Kurset foregår på Molde Fjordstuer

Pris:  500 kroner. Dette inkluderer kursavgift, lunsj begge dagar og middag dag 1. Overnatting er ikkje inkludert i pakkeprisen. For overnatting, kontakt hotellet direkte.  

Kurset er fullt.  Fortsatt ledig plasser i Ålesund.

Kontaktperson: Jan Sverre Sivertsen, sivert@2469reiseliv.no / mobil 41 45 06 42