Nasjonal konferanse om cruiseturisme

29/10 2019 10:00 - 17:30
Bergen
Skriv ut

Vestlandsrådet ved fylkeskommunane i Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal inviterer til nasjonal konferanse om cruiseturisme til Norge i Bergen 29. oktober 2019.

Konferansen er aktuell for alle aktørar i Noreg som er involvert i cruiseturisme, samt interesseorganisasjonar, offentlege etatar, kommunar, fylke og departement.

Målet med konferansen er å auke kunnskapen om nokre av utfordringane knytt til cruiseturisme i Noreg. Både næringa og det offentlege har behov for å planlegge for den forventa veksten i cruisetrafikken som prognosene viser. Her blir det både innlegg, paneldebatt og debatt med med salen. 

Programmet for konferansen byr blant anna på følgande:

  • Opningsforedrag v/statssekretær Atle Hamar, Klima- og miljødepartementet
  • Treng vi ein nasjonal cruisestrategi, og kva bør strategien legge vekt på og prioritere?  Innlegg og paneldebatt. 
  • Den nye Hamne- og farvasslova v/ Samferdselsdepartementet. Kva endringar inneber revidert Hamne- og farvasslov, og kva betyr dette for dei enkelte hamnene og destinasjonane?
  • Tålegrenseanalyser for reisemål. Presentasjon av eit analyseverktøy som reisemål kan bruke for å vurdere tåleevna for å motta tilreisande, inkludert cruisegjestar. Analyseverktøyet er utarbeidd av McKinsey Company på oppdrag av World Travel and Tourism Council og er basert på undersøkingar og data frå 34 byar rundt om i verda.
  • Energiformer i framtida for cruiseskip. Er det landstraum, batteridrift, LNG, hydrogen eller andre energiberarar som er framtida for cruisenæringa? Konsekvensar og moglegheiter. Innleiing ved Norsk Klimastiftelse og Grøn Skipsfartsprogram, DNV GL. Korte innlegg frå Carnival Corp, Bergen Havn/Plug AS og Ocean Hyway Cluster. 
  • Beredskap knytt til cruisetrafikk i Noreg. Er beredskapen til uønska hendingar god nok? Er myndigheitene i stand til å handtere alvorlege, uønska hendingar, der fleire tusen passasjerar og mannskap er involvert? Korleis kan vi forebygge for slike hendingar? Institutt for marin teknikk, NTNU og Fylkesmannen i Møre og Romsdal. 

Konferansen er ein dagskonferanse (09.00-16.30) og skjer på Grand Hotel Terminus i Bergen. Deltakaravgifta er 500 kroner og inkluderer lunsj. Beløpet blir fakturert ved påmelding. Eventuell overnatting må den enkelte konferansedeltakaren ordne sjølv.

Klikk her for å melde deg på konferansen:  https://sfj.pameldingssystem.no/nasjonalcruisekonferanse2019

Har du spørsmål, kontakt prosjektleiar Trond Amland på trond@reiselivsutvikling.no  eller mobil 908 55755

Kontakt