Opplevingsfestivalen 2020

10/02 2020 09:00 - 11/02 14:00
Thon Hotel Kristiansund
Skriv ut

Velkommen til 2-dagars opplevingsfestival i Møre og Romsdal. Dette er møteplassen for deg som driv innafor reiseliv, lokalmat, aktivitetar, festivalar, kunst, hotell, transport eller andre opplevingsnæringar. Det blir foredrag, moglegheit for å bygge nettverk, god mat og kulturopplevingar. Sjekk programmet for meir informasjon. 

Dato: 10. – 11. februar 2020
Stad: Thon Hotel Kristiansund
Pris: 750 kroner (inkl. festivalpass, lunsj begge dagar og middag om kvelden 10. feb.)
Treng du overnatting? Kontakt (klikk) Thon Hotel Kristiansund direkte, og oppgi referanse: "Opplevelsesfestival".

Pitch! Nå kan du teste ein konkret idé

Har du du lyst til å selge inn bedrifta di eller produktet ditt? Vi trekker ut 10 aktørar som kvar vil få maks 4 minutt til å presentere (pitche) frå scena. Dersom du er interessert, kryss av for dette i påmeldingsskjemaet. Du vil få beskjed i god tid før festivalen om du er blant dei 10.  

Delta på operafest  

I samarbeid med Operaen i Kristiansund kan vi tilby rabatterte billettar til Puccinis Turandot, ein av operalitteraturens store klassikarar.
Tid: 11. februar kl. 18.30
Pris: 415 kroner (520 ordinær). 
Klikk her for å lese meir om operaen.
Klikk her for å bestille rabattert billett (NB - begrensa antall plassar)  

Spørsmål?

Kontaktperson for Opplevingsfestivalen (program, pitch osv.): Jan Sverre Sivertsen, sivert@2469reiseliv.no 
Kontaktperson for påmelding/endring/praktisk: Mariann Veiseth, Møre og Romsdal fylkeskommune, mariann.veiset@mrfylke.no 

Frist for påmelding: 3. februar 2020

Program 10. februar
09.00 Registrering
11.30 Festivalåpning
12.00 Lokalmatlunch
13.00 Festival med foredrag, nettversjobbing og kulturinnslag
18.30 Festivalpub
20.30 Minglemiddag
Program 11. februar
06.30 Frokost åpner
09.00 Festivalen fortsetter
11.30 Lokalmatlunch
12.30 Festivalen fortsetter
14.00 Avslutning av festivalen
Påmeldingsskjema
27 påmeldinger

Kontakt