Workshops om ny forskings- og innovasjonsstrategi for Møre og Romsdal

29/10 2020 09:00 - 14:00
Molde, Ålesund og Kristiansund
Skriv ut

Forskings- og innovasjonsstrategiane for Møre og Romsdal skal rullerast. Strategiane skal bidra til å auke innovasjonsevna og innovasjonskapasiteten både i offentleg og privat sektor, og til å utvikle kunnskap og samarbeid innanfor og på tvers av næringar og sektorar. Satsingane skal bygge på Møre og Romsdals nærings- og kunnskapsmessige fortrinn. Dei skal også bidra til at vi blir betre til å bruke ressursane i regionen og moglegheitene i digitalisering, grøn teknologi og innovasjon. 

Gjeldande forskings- og innovasjonsstrategia ligg på temasida forsking, utvikling og innovasjon

Målgruppe

Vi inviterer personar med  engasjement for utvikling av  regionen og ønskjer brei deltaking frå samfunns- og næringsliv: 

- Kommunar 
- Bedrifter
- Næringsklynger 
- Utdannings- og forskingsmiljø
- Investorar
- Inkubatormiljøa og kunnskapsparkane 
- Interesse- og brukarorganisasjonar
- Verkemiddelapparatet 
- Statlege etatar 

Agenda for workshopane  

Programmet er under planlegging men det blir presentasjon av  evaluering av dagens strategiar, utviklingstrekk og moglegheitsrommet som strategien skal bidra til å utnytte. Vi ønskjer innspel til:  

- Kva kunnskapsområde må vi utvikle og bygge opp? 
- Kva teknologiområde må vi utvikle og bygge? 
- Kva samarbeidsformer skal vi ha?  
- Kva organisasjons- og forretningsmodellar er aktuelle?
- Kva verkemidlar er det behov for? 

Rammer og prosess for strategiarbeidet

- ProtoMore vil fasilitere workshopane  
- Jan Emblemsvåg bistår med utforming av strategien 

Det er oppretta ei styringsgruppe for strategien forankra i næringsliv, kommunar og akademia. Det blir lagt opp til kort høyring  i November 2020. Strategiane skal forankrast hos fylkespolitikarane med vedtak i det første fylkestinget i 2021.  

Påmeldingsskjema
93 påmeldinger
Det blir tre workshops med lik agenda. Vel det som passar deg. Tidsramme 9.00 - 14.00. Det blir servert lunsj. Det vil også bli moglegheit til å delta digitalt.

Kontakt