Digitalt kurs i konsekvensutgreiingar del 1
Digitalt kurs
Kommunesektorens organisasjon (KS) tilbyr, saman med Møre og Romsdal fylkeskommune, eit digitalt kurs om konsekvensutgreiingar. Norges miljø- og biovitskapelege universitet (NMBU) står for den praktiske gjennomføringa og kurset er utarbeidd i samarbeid med Kommunal- og distriktsdepartementet.
Kurset går over to dagar - 24.08 og 1.09 - begge dagane klokka 9-12.
Kurset vil foregå på delingsplattformen Zoom. Det blir sendt ut ei tilkoplingslenke i forkant av kurset, til dei som er påmelde. Det vil vere muleg å kople seg opp frå klokka 08.30 for dei som vil teste at alt fungerer.
Kurset tek for seg dei juridiske, planfaglege, prosessuelle og administrative oppgåvene som kommunar og konsulentar vil møte når dei skal utarbeide og/eller saksbehandle konsekvensutgreiingar. Kurset dekker kommunens rolle, både som utgreiar av eigne planar og som ansvarlig mynde i plansaker der andre utarbeider konsekvensutgreiingar. Kurset tek også opp praktiske problem knytt til konsekvensutgreiingar på overordna plannivå og regulerings-/tiltaksnivå.
Kurset vil gi oversikt over regelverket om konsekvensutgreiingar og skal gi deltakarane kunnskap og forståing for kva krav som gjeld, i kva saker konsekvensutgreiing er kravd, kva prosesskrav som gjeld, og korleis konsekvensutgreiingar kan og bør brukast i planprosessar.
Fagleg ansvarleg vil vere siv.ark. PhD Gunnar Ridderström, som er 1. amanuensis på Institutt for by- og regionplanlegging ved NMBU. Lina Frogner Orre, som har hovudansvaret for konsekvensutgreiingar i planavdelinga i Kommunal- og distriktsdepartementet, vil bidra på kurset. Merete Gynnild, seniorrådgivar i seksjon for arealplan hos Miljødirektoratet, bidrar også.
Vi oppmodar kommunane om å sende inn konkrete spørsmål om regelverket innan kursstart. Dersom vi ikkje rekk å svare ut alle spørsmåla, vil vi prioritere dei som er av prinsipiell karakter. Andre viktige spørsmål vil eventuelt bli svart på etter kurset, dersom det ikkje blir tid i løpet av dei to samlingane.
Spørsmål blir å sende til kursansvarleg gunnar.ridderstrom@nmbu.no , gjerne mer referanse til kurs i Møre og Romsdal
Kontakt i Møre og Romsdal fylkeskommune er plansamordnar johnny.loen@mrfylke.no
Kurset er gratis. Påmeldingsfrist er 15. august 2022.