Frukostwebinar: Berekraftig areal- og naturforvaltning i kommunane - korleis kan vi gjere det?
Digitalt
Korleis kan vi jobbe med berekraftig areal- og naturforvaltning i kommunane?
Prosjektet Berekraftfylket Møre og Romsdal arrangerer ei webinar- og workshoprekke om berekraft i plan- og styringsprosessar.
Agenda:
- Ny fylkesstrategi for miljø, klima og energi - kva har det å si for kommunane? v/ Ingeborg Simonsen, Klima- og miljøkoordinator i Møre og Romsdal Fylkeskommune (TBC)
- "Bærekraftig areal- og naturforvaltning i kommunane - ein forsmak på arbeid i Sunndal og Hustadvika" v/ Unni Støbet Lande, forsker, SEBAN
- Spørsmål
Møtet er opent for alle.
Klikk her for å bli med i møtet.
Bakgrunn
Berekraftfylket Møre og Romsdal har som mål å bygge eit lærande fellesskap mellom kommunane i Møre og Romsdal som styrker heilskapleg og integrert berekraftsarbeid i plan- og styringsprosessar. I 2023 kjem vi til å arrangere ei rekke webinarar og workshops for å styrke kompetanse og kunnskap om dette. Du finn meir info om alle arrangementa på nettsida til fylkeskommunen.