Informasjons- og innspelsmøte for ungdomspartia i Møre og Romsdal
Digitalt
Vi ønsker å invitere alle dei politiske ungdomspartia i Møre og Romsdal til eit informasjonsmøte om kva fylkeskommunen og Statsforvaltaren gjer for å møte klima- og naturkrisa.
Fylkeskommunen jobbar med ein ny fylkesstrategi for miljø, klima og energi, i møtet vil det også bli moglegheit til å gje innspel til strategien. Fylkesstrategien er ein strategi for heile fylket, dvs. innbyggarar, organisasjonar, næring, kulturliv, kommunar, statsetatar etc. - ikkje berre for fylkeskommunen.
Agenda:
- Status/tilstand miljø, klima og energi i Møre og Romsdal.
- Informasjon om korleis Statsforvaltaren jobbar med miljø, klima og energi samt kva verkemiddel dei rår over.
- Informasjon om korleis fylkeskommunen jobbar med miljø, klima og energi samt kva verkemiddel dei rår over.
- Kort presentasjon frå kvart parti om kva dei meiner må prioriterast i den nye fylkesstrategien. (5 min per parti).
Strategien vert sendt ut på ordinær høyring i årsskiftet 2022/2023.
Påmeldingsskjema finn du under. Frist for påmelding er 22.08.22. Du vil få tilsendt ei Teams-lenke to dagar før møtet.