Lansering av berekraftsrapport for Møre og Romsdal

28/05 2021 13:30 - 14:30
Digitalt
Skriv ut

Korleis ligg vi an til å nå FNs berekraftsmål i Møre og Romsdal? I dette webinaret lanserer Møre og Romsdal fylkeskommune sin eigen rapport som gir status på berekraft.

Møre og Romsdal har som første region i verda kartlagt status på berekraft gjennom FN-programmet U4SSC – United for Smart Sustainable Cities. Alle kommunane i fylket har kartlagt status, og no har både dei og fylkeskommunen fått offisielle rapportar frå FN. Fylkeskommunen har i tillegg analysert resultata frå FN-kartleggingane og presenterer dette i ein eigen rapport på norsk. I rapporten kjem fylkeskommunen og med forslag til tiltak og større satsingar på bakgrunn av funna i kartlegginga.

Lanseringa blir del av «Berekraftsfredag» - eit fast månadleg møtepunkt i regi av det nasjonale Berekraftsnettverket.

Rett etter lanseringa blir det ettersending saman med det nasjonale Berekraftsnettverket der ein kjem til å diskutere data som grunnlag for berekraftsarbeid. Meir info om ettersendinga finn ein på KS.no.

Lanseringa blir sendt live frå United Future Lab Norway (framtidslaben) i Ålesund, og dagleg leiar i The North West, Gjermund Langset kjem til å lose oss gjennom sendinga.

 

Program:

13:30 – 13:35 Velkommen til berekraftsfredag og rapportlansering frå Møre og Romsdal v/Kristin Hansen, Møre og Romsdal fylkeskommune og Gjermund Langset, The North West

13:35 – 13:40 Helsing frå Tove-Lise Torve, fylkesordførar i Møre og Romsdal.

13:40 – 14:15 Er Møre og Romsdal berekraftig – kva viser kartlegginga, og korleis har vi gått fram for å kartlegge status? v/Ole Helge Haugen, Møre og Romsdal fylkeskommune og Kari Aina Eik, OiER

14:15 – 14:30 Kva gjer vi no? Dialog med Ole Helge Haugen, Møre og Romsdal fylkeskommune, Sparebanken Møre og NHO Møre og Romsdal, leia av Gjermund Langset, The North West.

14:30-15:30 Ettersending med det nasjonale berekraftsnettverket for dei som vil snakke meir om data som grunnlag for berekraftsarbeid. Lenke blir delt under lanseringa.

 

Opptak av webinaret finn ein på youtube: https://www.youtube.com/watch?v=J4V4n3vBhNg

Kontakt