Samling for plannettverka
Molde
Vi inviterer til samling for plannettverka i Møre og Romsdal 31. mai på Scandic Hotel Alexandra i Molde. Denne gongen samlar vi alle tre plannettverka til eit felles møte. Det er også høve til å delta via Teams.
Hovudtemaet er berekraft og strategisk planlegging. Vi vil ta opp spørsmål som:
- Korleis konkretisere den praktiske nytten av KPI-kartlegginga?
- Korleis involvere politikarar og heile administrasjonen i samfunnsplanlegginga?
- På kva måte kan vi prioritere berekraftmål?
Sjå vedlagt program.
Det blir servert lunsj og deltakinga er gratis. Vi oppfordrar deltakarane til å reise kollektivt.
Møtet er eit samarbeid mellom Statsforvaltaren og fylkeskommunen.
10.00 - 10.30 | Enkel servering pluss kaffi og te |
10.30 - 10.40 | Velkomst og informasjon om dagen ved rådgivar Synnøve Valle, fylkeskommunen |
10:40 - 11:00 | KS-prosjekt: Nye samhandlingsformer ved plansamordnar Johnny Loen, fylkeskommunen |
11:00 - 11:20 | Berekraft i planprosessar, rapport frå internships ved rådgivar Kristin Hansen, fylkeskommunen |
11:20 - 11:45 | Berekraftfylket Møre og Romsdal: Samarbeidet med kommunane for å få konkretisert praktisk nytte av KPI-ane. Prosjektskjøn og fylkesløftet ved Statsforvaltaren og fylkeskommunen |
11:45 - 12:00 | Diskusjon og spørsmål |
12:00 - 13:00 | Lunsj |
13:00 - 13:30 | Berekraft, strategisk planlegging, samanheng i plansystemet: Raud tråd i plansystemet - korleis Volda kommune har jobba for betre samanheng mellom kommuneplanen sin samfunnsdel og økonomiplanen ved Regine Solberg Aklestad. Ein kommune til deltek. |
13:30 - 14:30 | Gruppearbeid inklusiv kaffipause: Korleis komme frå ord til handling? Korleis involvere politikarar og heile administrasjonen i samfunnsplanlegginga? Korleis konkretisere berekraftmåla i plan? |
14:30 - 15:15 | Informasjon frå Statsforvaltaren og fylkeskommunen ved plansamordnar Frida Farstad Brevik, Statsforvaltaren og plansamordnar Johnny Loen, fylkeskommunen |
15:15 - 15:30 | Oppsummering og vel heim! |