Sirkulære anskaffingar

13/06 2022 13:00 - 15:00
Teams
Skriv ut

Under den vårlege nyttårskonferansen i april 2022 blei alle som var til stades utfordra til å gjere ei sirkulær anskaffing innan neste års konferanse. På vegne av fylket takka vi ja til utfordringa. For å lykkes med dette arbeidet legg fylkeskommunen, i samarbeid med statsforvaltaren, opp til ein felles prosess med kompetanseheving og erfaringsdeling fram mot 2023. 

For å komme i gang med arbeidet inviterer vi alle kommunar og statsetatar i Møre og Romsdal til ei felles digital oppstartssamling måndag 13. juni kl. 13:00-15:00.

Agenda for samlinga:

  • Kva er sirkulære prinsipp og kvifor er dei viktige for berekraftig omstilling?
  • Korleis kople sirkulære prinsipp til anskaffingar?
  • Kva ressursar og kompetanse har vi tilgjengeleg?
  • Eit par eksempel til inspirasjon
    1. Delingsordningar for mobilitet v/Sindre Rovde, Ålesund kommune
    2. Materialval og haldbarheit v/Christina Heggertveit, Statsforvaltaren
    3. Design for gjenbruk og modularitet v/Lars Erik Vinje, Spilka Building Solutions
  • Vegen vidare

Et meir detaljert program kjem etter kvart.

Samlinga er open for alle og passar spesielt for dei som er ansvarleg for innkjøpsprosessar og utviklingsprosjekt i offentleg sektor. 

Teams-lenke til samlinga finn ein ved å trykke på denne lenka.

Kontakt