Workshop - sirkulærøkonomi og sirkulær stadutvikling
Molde, Scandic Seilet
Sirkulærøkonomi og sirkulær stadutvikling er viktige verktøy for berekraftig samfunnsutvikling. Kartlegginga av berekraft i Møre og Romsdal viste også at dette er eit tydeleg forbetringsområde i vår region. Fylkeskommunen ønsker derfor, i samarbeid med Natural State og Circularities å invitere til ein workshop om sirkulærøkonomi og sirkulær stadutvikling. Målet er å bruke workshopen til å kople prinsippa for sirkulærøkonomi konkret til stad- og utviklingsarbeid lokalt i kommunane.
Før de møter opp på workshopen ønsker vi at de gjer nokon korte førebuingar. Sjå vedlegg for nærare info. Dette vil også bli sendt på mail til alle deltakarar som påminning før workshopen.
Førebels program:
10:00 - Velkomen til workshop
10:10 - Workshop del 1 med Natural State og Circularities, v/Cathrine Barth, Einar Kleppe Holthe og Martin Hagen
- Dei nye berekraftsøkonomiane
- Sirkulærøkonomi og lokale moglegheiter
- Ombruk av møblar v/Mette Jane Holand, Molde kommune
- Loppesupermarkedet Kirppis, v/Marte Drejer Haldorsen
- Samarbeid og planlegging for sirkulære regioner, v/Øystein Solevåg, ÅRIM
12:00 - Lunsj
12:45 - Workshop del 2 med Natural State og Circularities, v/Cathrine Barth, Einar Kleppe Holthe og Martin Hagen
- Kva er moglegheitsbilete i min kommune? Arbeid med konkrete case.
14:45 - Innspel til vidare arbeid med sirkulærøkonomi og sirkulær stadutvikling
Parallelt med workshopen pågår nyttårskonferansen. Også her vil sirkulærøkonomi vere eit tema slik at toppleinga i offentleg sektor blir godt kjent med tematikken på same tid. Både workshopen og nyttårskonferansen finn stad på Scandic Seilet i Molde.
Workshopen er gratis og inkluderer lunsjservering.

Einar Kleppe Holthe
Einar Kleppe Holthe er ein strategisk marknadsøkonom og har jobba med berekraftige marknadsstrukturar mesteparten av sin karriere. Dei siste ti åra har Holthe jobba med strategisk berekraftig utvikling og identitet for marknadar, byar og selskap. I 2017 grunnla han selskapet Natural State som han også er dagleg leiar i .

Cathrine Barth
Cathrine Barth er ein visjonær og tydeleg ambassadør for eit framtidig sirkulært samfunn. Barth er domeneekspert på sirkulærøkonomi, forretningsutvikling, sirkulært design og innovasjonsstrategiar. Ho er medgründer av Circular Norway og Managing Partner i Nordic Circular Hotspot. Ho er også ein ettertrakta foredragsholder og rådgivar innanfor sine fagfelt.