Innføringskurs i Windowsserver IKT-servicefag for 2. års lærlingar

15/10 2019 08:45 - 17/10 14:00
Romsdal vgs., rom D116 - Molde
Skriv ut

Viser til utsendt invitasjon til 2. års IKT-servicefaglærlingar i Møre og Romsdal fylkeskommune.

OBS! Oppstart dag 2 blir kl 08:30

NB:

  • Læreboka «Windows Server 2016 R2» (utgjeven av Gyldendal Forlag hausten 2014) skal også vere med, den er obligatorisk. 
  • Ta med deg 2 stk bærbare PC-ar (må vere 64 bit)
  • Ta med deg minnepenn med god lagringskapasitet

Kurslærar: Oddgeir Løvold v/IT-avd Møre og Romsdal fylkeskommune.

Arrangør av kurset: Møre og Romsdal fylkeskommune v/ utdanningsavdelinga.

Kurskostnad: kr 500,- (til innkjøp av egnet router)

Møre og Romsdal fylkeskommune ønsker å invitere til generell opplæring for 2.års IKT-lærlingar.

  • Spesielt inviterte er dei fylkeskommunalt tilsette lærlingane som ikkje får tilbod om opplæring i Windows server på arbeidsstaden sin, deretter vil det være plass etter ledig kapasitet.
  • Kurset vil som nemnt ovan for gå over 3 dagar. (15.-17.oktober)
  • Denne samlinga er avgrensa til 2.års lærlingar.
  • Du må sjølv drøfte med din faglege leiar om du får høve til å møte på denne (frivillige) samlinga.
  • Kursavgifta er satt til kr 500 pr.pers.

Overnatting og reise:

Bedriftene må sjølve dekke kostnadar rundt reise, overnatting og tapt arbeidsforteneste. Hotellrom, som du sjølv er ansvarleg for å tinge, kan tingast hos:

  • Scandic Hotel Seilet: ca kr 986,- per døgn inkl. frukost. Tlf.: 71 11 40 00
  • Scandic Hotel Alexandra: ca kr 995,- per døgn inkl. frukost. Tlf.: 71 20 37 50

Møre og Romsdal fylkeskommune har eigne prisavtalar med desse hotella. Du må opplyse om at du skal bruke denne når du bestiller hotellrom.

Du vil i kurset få ei generell opplæring i:

  • Planlegging/dokumentasjon av server og nettverkPlanleggingen og loggføringen vil gå som en rød tråd gjennom oppgaveløsningene
  • Lisensar
  • Raidtypar og val av harddisk
  • Ulike tjenester som kan installeres
  • Nettverk (DHCP, DNS, Activ Directory)
  • Heimeområder og fellesområder
  •  Brukarar og grupper
  • Om vi får tid så ser vi på printerar

NB! Alle lærebedrifter MÅ sende med:

  • 2 stk bærbare pc `ar (må vere 64bit).
  • Du vil også trenge ein router. Fylkeskommunen gjer fellesinnkjøp av routere til kurset. Denne kostnaden dekkes av den enkelte si lærebedrift.
  • Alle pc-ane må ha RJ45 Ethernet-tilkopling. Oppgitt merke og modell på dei pc-ane som du tar med deg.
  • Send gjerne ein e-post med dei opplysningane vi etterspør.
Program 17. oktober kl. 12.00

Tida begynner å nærme seg avlegging av fagprøven. Utdanningsavdelinga kallar deg inn til eit førebuande kurs innan tema:” Informasjon om fagprøven for 2. års lærlinger i IKT-servicefaget”.

Stikkord til innhald:

  • Korleis jobber prøvenemnda?
  • Korleis vert oppgåvene laga? Oppgåveeksempler.
  • Gangen i ein fagprøve
  • Disponering av tid
  • Førebuing
  • Korleis førebu seg best mogleg fram mot fagprøva
  • Vurderingskriterier
  • Kva forventer prøvenemnda av deg i forhold til skriftleg dokumentasjon, praktisk utføring m.m.
  • Krav til dokumentasjon
  • Kva er dei vanligste feila ein kan gjere?
  • Korleis kan veileder/prøvestedet tilrettelegge på best mogleg måte for deg i forkant og under fagprøva
  • Kva skjer dersom fagprøva blir bedømt til ikkje bestått

Begge kursa vil bli haldne av sensor, Oddgeir Løvold, som sitt i prøvenemnda for IKT-servicefaget. Vi oppfordrer deg difor til å tenke ut aktuelle spørsmål, og ta med deg desse til kurset.

Kontakt