#matspire

22/10 2019 10:00 - 14:30
Scandic Alexandra i Molde
Skriv ut

Det er ei store glede – og ære – å få lov å invitere til ein inspirerande dag i Molde. Vi ønsker å gi deg eit innblikk i kva kokke- og servitøryrket innebær, kva for moglegheiter det gir og alt det matfaget har å by på!

Terje Sporsem (komikar og programleiar) vil lede dykk gjennom ein dag full av informasjon, konkurransar, smaksprøvar og gode historier. Årets kokk og sølvvinnar fra verdsmesterskapet i kokkekunst Bocuse d´Or, Christopher William Davidsen fortel si unike historie. Utstillarar frå matleverandørar og restaurantar vil dele ut smaksprøvar og lage konkurransar.

Det blir registrering på Scandic Alexandra i Molde kl. 09.30. Programstart er kl. 10.00 og vi held på til kl.14.30.

Vi gledar oss veldig til å møte dykk på #matspire 22. oktober – hjarteleg velkommen!

Påmeldingsskjema