Arkiv, bibliotek og museum

Fylkesbiblioteket bytta namn til seksjon for arkiv, bibliotek og museum (ABM) 1. januar 2021.

Seksjon for arkiv, bibliotek og museum (ABM) har ei heilskapleg tenking rundt arkiv, bibliotek og museum. Folkeopplysningstanken og det å ta vare på, utvikle og formidle kulturarven som kjelder til oppleving, kunnskap og bruk er eit samfunnsoppdrag desse felta deler.

Vi har eit særleg ansvar for regional bibliotekutvikling og koordinering av regionale bibliotekoppgåver som e-bøker og transportordning av medium. Vi skal ivareta regionale bibliotekoppgåver og regional bibliotekutvikling gjennom mellom anna å gi råd til lokale myndigheiter, yte bibliotekfagleg rettleiing og assistanse, og arrangere møter og kurs om bibliotekspørsmål.

Oppfølging av fagområdet museum er delt mellom seksjonane kulturarv og ABM. ABM vil ha ansvar for utviklingsprosjekt innan tema infrastruktur, fornying, forvalting, frivilligheit og formidling.

Samlingane til arkiv-, bibliotek- og museumsaktørar vil vere viktig for ei heilskapleg forståing av ei sak eller eit tema, og seksjonen skal legge til rette for samarbeid og utvikling mellom felta.

Nettverksarbeid, kompetanseheving, utvikling og brukarmedverknad er viktige for vårt arbeid.

Vi inviterer årleg til:

  • ABM-konferanse
  • Biblioteksjefmøte for leiarar i folkebibliotek
  • Bibliotekdagane som er faglege samlingar for bibliotektilsette, politikarar og andre interesserte
  • Digitale nettverksmøter for biblioteksjefar i folkebiblioteka
  • Digitale kompetansepåfyll for bibliotektilsette
  • Kommunebesøk
  • Nettverksmøte for skolebibliotekarar i vidaregåande skule
  • Workshop bibliotekstatistikk
  • Workshop i søking av midlar

Meir informasjon om dei ulike arrangementa finn du i vår kalender (lenke opnast i ny fane).

E-post: post@mrfylke.no

Post- og besøksadresse:
Møre og Romsdal fylkeskommune
Kirkegata 10 B
6004 Ålesund

Telefon: 71 28 00 00

Les meir om kven som jobbar hos oss (lenke opnast i ny fane) og kva område den enkelte jobbar med.

Arkiv

Informasjon kjem om kort tid.

Bibliotek

Vi gir rådgiving innan

  • ved planlegging av nytt eller ved oppgradering av biblioteklokale
  • bibliotekutvikling og prosjekt
  • kunnskapsorganisering og samlingsutvikling
  • litteratur og formidling
  • skolebiblioteka i vidaregåande skolar, inkludert systemansvar for Bibliofil

Museum

Informasjon kjem om kort tid.

Alle kommunale og fylkeskommunale offentlege bibliotek skal kvart år rapportere inn statistikk til Nasjonalbiblioteket. Vi rettleier folkebiblioteka  og skolebiblioteka i dei vidaregåande skolane, og kvalitetssikrar det som bli rapportert.

Statistikk skal leverast til Nasjonalbiblioteket på elektroniske skjema. Folkebibliotek har eiga underside på bibliotekutvikling.no (lenke opnast i ny fane) der dei registrerer statistikken, medan skulebiblioteka får tilsendt innloggingsinformasjon på e-post frå Nasjonalbiblioteket.

Nasjonalbiblioteket sender ut informasjon om når skjema blir opna og om fristar for levering. 

Nasjonalbiblioteket publiserer data frå heile landet på sine statistikksider (lenke opnast i ny fane). Noko blir publisert i SSBs årlege Kulturstatistikk og i KOSTRA.

Meir informasjon

Ved å følje lenkene (alle lenker opnast i ny fane) finn de meir informasjon om:

 

Dokumenter

Kontakt