Utvikling og prosjektarbeid

Seksjon for arkiv, bibliotek og museum (ABM) har ansvar for utvikling knytt til infrastruktur, fornying, forvaltning og formidling for ABM-sektoren i Møre og Romsdal. Vi arbeider med å stimulere til utvikling som bidreg til nye løysingar og betre praksis. Vi har også eit særleg ansvar knytt til regional bibliotekutvikling, og skal ivareta regionale bibliotekoppgåver.

Seksjonen er deltakar, samarbeidspart eller rådgivar i både store og små, interne og eksterne prosjekt. Det kan også vere å initiere prosjekt der seksjonen ønsker å prøve ut nye tenester, direkte rådgiving og/eller deltaking undervegs i prosjekt. Vi gir også rettleiing i utforming av prosjekt, prosjektleiing og idéutvikling.

Vi er alltid open for forslag til nye prosjekt. Ta gjerne kontakt med oss for dine idear!