Avslutta prosjekt

Her ligg korte beskrivingar av prosjekt vi tidlegare har jobba med.

«Biblioteket – ein trygg møteplass?» var eit prosjekt i regi av Møre og Romsdal fylkeskommune i 2018-2020. Prosjektet tok føre seg konflikthandtering i bibliotek, og resulterte i ei digital verktøykasse (lenke opnast i ny fane). Eit viktig stikkord er førebyggande arbeid, og verktøykassa er meint som eit hjelpemiddel. I verktøykassa finn de faglege tekstar innanfor ulike tema, malar, casar, tips til foredragshaldarar og tips til vidare lesing for den som ønsker å fordjupe seg meir.