Pågåande prosjekt

Her finn du korte beskrivingar av prosjekta vi jobbar med no.

Prosjektet «Bibliotek og berekraft i Møre og Romsdal» skal bidra til at biblioteka som er med i prosjektet jobbar meir strategisk med FN sine berekraftsmål med utgangspunkt i U4SSC, eit FN-program som måler kommunane sin status i høve berekraftsmåla.

Ålesund bibliotek, Sunndal folkebibliotek, Sula bibliotek og Hareid folkebibliotek er deltakarar i prosjektet, i tillegg har vi med oss Framtidslaben og The North West som samarbeidspartnerar.

Les meir om prosjektet ved å følge denne lenka.

Prosjektet ønsker å legge til rette for auka livskvalitet ved å skape gode møter mellom folk og litteratur, og gode møte mellom menneske, ved hjelp av metoden Shared reading. Prosjektet er eit samarbeid med Trøndelag fylkeskommune.

Les meir om prosjektet ved å følge denne lenka.