Søk midlar

Møre og Romsdal fylkeskommune disponerer ulike tilskotsmidlar (lenke opnast i ny fane), til dømes til kulturarrangement, lokale kulturbygg og kulturminnevern. Vi gir òg råd om korleis biblioteka kan utforme søknadar om prosjektmidlar og tilskot frå ulike støtteordningar, både regionalt og nasjonalt.

Eksterne midlar er ein fin måte å få gjennomført prosjekt og arrangement. Det er viktig å undersøke nøye kva vilkår som er knytt til dei ulike støtteordningane før du søker midlar. Ein telefon til støttegivaren vil kunne gi viktige tips til prosjektet og sikre at den kvalifiserer til støtteordninga. Det finnes også lokale støtteordningar, til dømes frå lokalbank.

Bufdir (lenke opnast i ny fane) har fleire ulike tilskotsordningar, mellom anna ei nasjonal tilskotsordning for å inkludere barn og unge.

Elkjøpfondet (lenke opnast i ny fane) blei oppretta i 2017 for å tette det digitale gapet i samfunnet vårt. Elkjøpfondet støtter organisasjonar og foreiningar med produkt og rettleiing – i tillegg til økonomiske midlar. Dei har tre søknadsrundar i løpet av året.

Fritt Ord (lenke opnast i ny fane) tildeler støtte til prosjekt som bidreg til å fremje ytringsfridom, offentleg debatt, kunst og kultur. Tiltaka som støttast skal komme allmenta til gode og vere offentleg tilgjengelege. 

Gjensidigestiftelsen (lenke opnast i ny fane) lysar ut tilskot til organisasjonar som er registrert i Frivillegheitsregisteret, og er ein moglegheit dersom ein samarbeider med frivillige lag og organisasjonar. 

Kavlifondet (lenke opnast i ny fane) støtter prosjekt som kan hjelpe menneske i alle aldre, uansett bakgrunn. Prosjekt som blir støtta er med på fremje inkludering og bekjempe skilnadar. Kulturopplevingar kan skape samhald, inkludering og integrering. Derfor støttar Kavlifondet kulturopplevingar for barn og unge frå lavinntektsfamilar, eldre og menneske med nedsett funksjonsevne eller sjukdom.

Kulturrådet (lenke opnast i ny fane) har fleire støtteordningar som kan vere relevante å søke på aleine eller i samarbeid med til dømes forfattarar, kunstnarar eller organisasjonar.

Nasjonalbiblioteket (lenke opnast i ny fane) lyser ut støtteordningar til bibliotek to gonger i året; arrangementsmidlar og utviklingsmidlar. Formålet med utviklingstiltaka er å fremme kompetanse i biblioteka som heilskap, og det stillast krav til nyheitsverdi og overføringsverdi.

Norsk filminstitutt (lenke opnast i ny fane) gir tilskot til formidlingstiltak for dataspel. Tilskotsordninga vender seg til arrangørar av dataspeltreff, dataspelformidlarar, spelutviklar og andre som planlegg arrangement der dataspel blir presentert for publikum i ein kunstnarisk, kulturell, eller pedagogisk samanheng. 

Sparebank 1 Nordmøre (lenke opnast i ny fane) har gåve- og sponsormidlar ein kan søke på. Målet med midlane er å skape levande lokalsamfunn med aktivitet og trivsel for alle, og dei prioriterer føremål som kjem barn og ungdom til gode.

TEFT (lenke opnast i ny fane) er Sparebanken Møre sitt samfunnsengasjement. Dei støtter prosjekt som bidreg til utvikling av lokalt næringsliv, kultur og idrettsliv, kompetanse og samferdsel.