Folkehelse, idrett og friluftsliv

Seksjon for folkehelse, idrett og friluftsliv samordnar folkehelsearbeidet og følger opp samarbeidsavtalen om God Helse med kommunane i fylket. Vi jobbar med kunnskapsgrunnlag og planarbeid, tek initiativ til og legg til rette for utviklingsprosjekt, kurs og nettverksbygging. I tillegg deler vi ut tilskot til søkarar innan mange ulike område.

Vi arbeidar med å utvikle og gjennomføre anleggspolitikk. Vi tildeler spelemidlar til utvikling av anlegg for idrett og fysisk aktivitet, og jobbar med idrettsutvikling mellom anna gjennom tildeling av idrettsstipend til ungdom og klubb kvart år.

Seksjonen jobbar òg med kartlegging, verdsetting og statleg sikring av friluftslivsområde og planlegging for friluftsliv. I tillegg har vi ansvar for frivillig sektor samt oppfølging og koordinering av eldrerådet og rådet for personar med nedsett funksjonsevne.

Her finn du ei oversikt over kurs, konferansar og arrangement innan folkehelse, idrett, friluftsliv og frivilligheit som fylkeskommunen eller andre aktørar på feltet arrangera og som kan være relevant for nettverket.

Om du følger linken så kjem du til arrangementets kalenderoppføring og finn meir informasjon. Etter våre eigne arrangement legg vi ut ein samla presentasjon frå forelesarar på den same lenka.

2021

4. februar | Frisklivssamling

17. februar | Folkehelsewebinar

4. mars | Kurs om helsevurderingar i planarbeid

28. april | Resultat frå folkehelseundersøkinga – webinar

27. mai | Folkehelseundersøkinga – Korleis gjere seg nytte av resultata

2. juni | FrivilligFORUM

15. juni | Folkehelse, idrett og friluftsliv – webinar

4.–5. oktober | FrivilligFORUM 4.–5. oktober 2021 i Ålesund

2020

22. oktober | Webinar om folkehelse

15. desember | Webinar om folkehelse

 

Webinar hos Helsedirektoratet

Helsedirektoratet lanserer denne våren seks webinar med utvalde tema innan lokalt folkehelsearbeid. Webinara publiserast på desse datoane og ligg tilgjengeleg på nettsida til helsedirektoratet (lenke opnast i ny fane).

25. mars | Egenevaluering av folkehelsetiltak

8. april | Lansering av veiviser for psykisk helse og livskvalitet

22. april | Kunnskapsbasert praksis i en folkehelsesammenheng

6. mai | Hvorfor er det viktig å samarbeide i folkehelsearbeidet?

3. juni | Løpende oversikt over helsen i befolkningen: hva er det og hvorfor er det nyttig for kommunene?

17. juni | Sosial bærekraft og folkehelse

Snarvegar

Kontakt