Om undersøkinga

For første gong er det gjennomført ei stor folkehelseundersøking i heile Møre og Romsdal. Undersøkinga blei gjennomført i samarbeid med Folkehelseinstituttet (FHI) og gir oss viktig informasjon om helsa, velferda, trivselen og livskvaliteten til innbyggarane i fylket.

I undersøkinga blei det mellom anna spurt om tilgjenge til tenester, fysisk og psykisk helse, helserelatert åtferd, sosialt miljø og livskvalitet. 

Undersøkinga blei gjennomført i perioden 1.–14. februar 2021 og gir viktig informasjon om vaksenbefolkninga sin situasjon. Dette vil kunne ha stor nytte i arbeidet med å gjere Møre og Romsdal til ein enda betre stad å bu og leve.

25 000 svarte på undersøkinga

I alt var det 24 967 personar i aldersgruppa over 18 år som svarte på spørjeskjemaet, som var 45,8 prosent av dei inviterte. 
Gjennomføringa var heil-elektronisk, basert på eit utval trekt frå Folkeregisteret.

Spørjeskjemaet

Her ligg lenke til skjemaet som blei brukt i undersøkinga:

Undersøkinga i Møre og Romsdal blei gjennomført med ein revidert versjon av kjernemodulen i folkehelseundersøkingane. Blant nye tema er ulønt omsorgsarbeid, muskel- og skjeletthelse, og eit nytt mål på søvnvanskar og søvnlengde samt eit spørsmål om framtidsoptimisme i delen om livskvalitet.

Fylkeskommunen valte å ha med eigne spørsmål knytt til mobilitet, pendlaravstand, hindringar for å ha tilgjenge til butikkar, serveringsstader eller offentlege tenester og møteplassar, tilpassing av bustad og kva grad ein er trygg på å få god helsehjelp ved behov.

Les meir om...

For the first time, a large public health survey has been carried out in the whole of Møre og Romsdal. The survey was conducted in collaboration with the Norwegian Institute of Public Health (FHI). It provides us with important information about the health, welfare, well-being and quality of life of the inhabitants of the county.

The survey asked, among other things, about access to services, physical and mental health, health-related behaviour, social environment and quality of life.

The survey was conducted in the period 1 to 14 February 2021 and provides important information about the adult population's situation. This could be of great benefit in the work of making Møre og Romsdal an even better place to live.

25 000 responded to the survey

A total of 24 967 people in the age group 18 and over responded to the questionnaire, which was 45.8 per cent of those invited. The implementation was all-electronic, based on a sample drawn from the National Register.

The survey

The survey in Møre og Romsdal was carried out with a revised version of the core module in the public health surveys. Among the new topics were unpaid care work, musculoskeletal health, and a new measure of sleep difficulties and length of sleep as well as a question about future optimism in the section on quality of life.

The county municipality chose to include our own questions related to mobility, commuting distance, obstacles to having access to shops, restaurants or public services and meeting places, the adaptation of housing and the degree to which one is confident of receiving good health care when needed.

Dokumenter

Kontakt