Frivilligheita sitt år 2022

I den statlege frivilligmeldinga som kom i 2018–2019 vart det bestemt at 2022 skulle vere frivilligheita sitt år, og dette skal vere ein stor fest i heile Noreg. Markeringa skal starte 5. desember 2021, og avsluttast 5. desember 2022.

5. desember er FN sin internasjonale dag for frivilligheit.

Møre og Romsdal fylkeskommune skal vere med på markeringa.

Vi oppfordrar kommunar, organisasjonar og næringslivet til å lyse opp heile fylket for å markere starten på Frivilligheita sitt år, 5. desember.

I Møre og Romsdal skal frivilligheita få eit særleg løft i veke 23, kalla ‘Vår veke’. Dette vil vere ei veke kor frivillige lag og organisasjonar har markeringar i heile fylket og viser fram aktiviteten sin.

Sjå oversikt over arrangementa som er meldt inn her (lenke opnas i ny fane)

Fylkeskommunen ønsker å lage ei oversikt over små og store arrangement som blir avhalde i samband med frivilligheita sin dag, 5. desember kvart år.

Skal du ha eit arrangement 5. desember i år? Fyll gjerne inn skjema under, så legg vi ditt arrangement til i lista.

Arrangement i samband med frivilligheita sin dag 2021

Snarvegar

Kontakt