Bygningar og anlegg

Ønsker du å ta vare på eit verneverdig byggverk, anlegg eller andre kulturminne?

Vi jobbar for at eigarar og kommunar skal sjå verdien av kulturarven og finne gode løysingar for å ta vare på den.

Det gjer vi gjennom:

  • uttale i plansaker til kommunane
  • råd og rettleiing i konkrete verneprosjekt
  • tildeling av tilskot frå fleire tilskotsordningar
  • prosjekt som vi tar initiativ til, koordinerer eller deltar i
  • rolla som mellomledd mellom kommunar og Riksantikvar

Bygningar og ståande byggverk frå før 1650 og samiske bygningar som er eldre enn 1917 er automatisk freda.

I tillegg er det en rekke bygningar og kulturminne som er freda gjennom enkeltvedtak. Freding er det sterkaste verkemiddelet vi har for vern av bygningar. Det er Riksantikvaren som fattar vedtak om freding.

Nærare 5700 bygningar i Norge er freda. Rundt 3400 er i privat eie. Mange av disse bygningane representerer en tidsepoke, viktig kulturhistorie og samfunnsutvikling, eller har høy arkitektonisk verdi på nasjonalt nivå.

Endringar og restaurering av freda bygningar ut over ordinært vedlikehald krev dispensasjon frå kulturminnelova. Arbeid må utførast etter antikvariske prinsipp.