Fartøyvern

Verna og freda fartøy er spor etter vår maritime kultur og viktige representantar for historie, handverk og maritim teknologi. Dei formidlar alle sider av norsk sjøfart, fiskeri, vare- og persontransport, rekreasjon, infrastruktur, forsking, utanriksfart og handel.

Føremålet med å gje status som verna skip er å sikre historiske fartøy som kulturminne etter prinsippet om vern gjennom bruk.

Kven kan søke om vern?

Eigar, eller den eigar gjev fullmakt, kan søkje om status som verna skip.

Riksantikvaren kan tildele status som verna skip etter søknad frå eigar og positiv innstilling frå fylkeskommunen der fartøyet no høyrer heime. Status som verna skip er eit samarbeid mellom direktorata Riksantikvaren og Sjøfartsdirektoratet. Det er nedfelt i Sjøfartsdirektoratet sitt regelverk at Riksantikvaren skal fatte vedtaket som gjev tilgang til statusen.

Søknadsfrist:

1. mai kvart år

Korleis søker du om vern?

Du finn søknadsskjema nedst på sida. Ferdig utfylt skjema sendast per e-post til post@mrfylke.no innan 1. mai.

Søknaden om status som verna skip skal innehalde følgjande:

  1. Utfylt søknadsskjema for status som verna skip (ligg nedst på sida)
  2. Dokumentasjon av fartøyet slik det er no
  3. Dokumentasjon av fartøyet si historie

Vi gjer merksam på at status som verna skip kviler på ei skriftleg avtale mellom eigar av fartøyet og Riksantikvaren. Ved eigarskifte fell avtalen difor bort. I avtalen om status som verna skip som førre eigar signerte, er det også plikt til å melde frå til Riksantikvaren ved eigarskifte.

Dersom ny eigar vil vidareføre fartøyet sin status som verna skip, må det sendast inn ny søknad om dette etter same prinsipp som ved første gangs søknad. Ein ny eigar skal få tilgang til den tidlegare søknaden, slik at denne kan oppdaterast der det er naudsynt. Ein søknad om vidareføring vil i regelen kunne handsamast raskare då fartøyet er kjent på førehand. Dersom den nye eigaren ikkje sender inn søknad om vidareføring av status som verna skip, fell denne bort.

Det er eit mål å auke kunnskapen om mangfald av bevarte fartøy og kva rolle dei har hatt i samfunnet, før og no. For å nå dette målet skal tilskota sørge for å sikre fartøya mot tap, sette dem i stand slik at dei kan vere i bruk.

Les meir om støtteordninga vår og korleis du kan søke støtte til vern av ditt fartøy.

Snarvegar

Dokumenter

Kontakt