Fartøyvernet i Møre og Romsdal

Verna og freda fartøy er spor etter vår maritime kultur og viktige representantar for historie, handverk og maritim teknologi. Dei formidlar alle sider av norsk sjøfart, fiskeri, vare- og persontransport, rekreasjon, infrastruktur, forsking, utanriksfart og handel.

Bilde av Sunnmørsjekta Anna Olava liggande til kai. Foto: Anna Eline Eneberg

Føremålet med å gje status som verna skip er å sikre historiske fartøy som kulturminne etter prinsippet om vern gjennom bruk.

Kven kan søke om vern?

Eigar, eller den eigar gjev fullmakt, kan søkje om status som verna skip.

Riksantikvaren kan tildele status som verna skip etter søknad frå eigar og positiv innstilling frå fylkeskommunen der fartøyet no høyrer heime. Status som verna skip er eit samarbeid mellom direktorata Riksantikvaren og Sjøfartsdirektoratet. Det er nedfelt i Sjøfartsdirektoratet sitt regelverk at Riksantikvaren skal fatte vedtaket som gjev tilgang til statusen.

Søknadsfrist:

1. mai kvart år

Korleis søker du om vern?

Du finn søknadsskjema nedst på sida. Ferdig utfylt skjema sendast per e-post til post@mrfylke.no innan 1. mai.

Søknaden om status som verna skip skal innehalde følgjande:

  1. Utfylt søknadsskjema for status som verna skip (ligg nedst på sida)
  2. Dokumentasjon av fartøyet slik det er no
  3. Dokumentasjon av fartøyet si historie

Vi gjer merksam på at status som verna skip kviler på ei skriftleg avtale mellom eigar av fartøyet og Riksantikvaren. Ved eigarskifte fell avtalen difor bort. I avtalen om status som verna skip som førre eigar signerte, er det også plikt til å melde frå til Riksantikvaren ved eigarskifte.

Dersom ny eigar vil vidareføre fartøyet sin status som verna skip, må det sendast inn ny søknad om dette etter same prinsipp som ved første gangs søknad. Ein ny eigar skal få tilgang til den tidlegare søknaden, slik at denne kan oppdaterast der det er naudsynt. Ein søknad om vidareføring vil i regelen kunne handsamast raskare då fartøyet er kjent på førehand. Dersom den nye eigaren ikkje sender inn søknad om vidareføring av status som verna skip, fell denne bort.

For eit fartøy, eller deler av eit fartøy, som er eldre enn 50 år og som ikkje er innført etter 1950, må eigar søkje om dispensasjon frå utførsleforbodet dersom

  • fartøyet skal seljast til ein utanlandsk eigar
  • fartøyet har norsk eigar, men skal opphalde seg utanfor norsk sjøterritorium i meir enn tre år samanhengande i samband med reparasjon.
  • fartøy har norsk eigar som skal nytte det utanfor norsk sjøterritorium i meir enn eitt år samanhengande.

Eigar må sende inn to ulike søknadsskjema:

  • skjema fastsett av Kulturdepartementet (jf. § 4 i føreskriftene).
  • Riksantikvaren sitt skjema der juridisk, teknisk og historisk informasjon om fartøyet skal fyllast ut.

Det skal leggjast ved foto som syner fartøyet utanfrå, innreiinga, maskinrommet og andre vesentlege areal.

Begge skjema er tilgjengelege på Riksantikvaren sine nettsider.

Søknaden skal sendast til den styresmakta som har førstelineansvar for fartøyet, i regelen er dette fylkeskommunen i fartøyet sitt heimfylke. Det er ikkje sett nokon søknadsfrist for søknad om utførsle, og desse vert handsama fortløpande.

Dersom fylkeskommunen konkluderer med at fartøyet stetter krava til status som verna skip, skal fylkeskommunen si skriftlege innstilling sendast til Riksantikvaren som har vedtaksmynde etter § 6 i føreskriftene.

Skal du søke om utførsel av fartøy?

Du finn søknadsskjema nedst på denne nettsida (lenke opnast i ny fane).

Det er eit mål å auke kunnskapen om mangfald av bevarte fartøy og kva rolle dei har hatt i samfunnet, før og no. For å nå dette målet skal tilskota sørge for å sikre fartøya mot tap, sette dem i stand slik at dei kan vere i bruk.

Les meir om støtteordninga vår og korleis du kan søke støtte til vern av ditt fartøy.

Snarvegar

Dokumenter

Kontakt

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.