Kulturminne under vatn

Har du funne eller blitt gjort merksam på kulturminne som kan vere eldre enn 100 år, og som ligg under vatn? Då tek du kontakt med Møre og Romsdal fylkeskommune.

Retningsliner ved funn av kulturminne under vatn

  • La funnet ligge til du har meldt frå til ein arkeolog i fylkeskommunen for rettleiing
  • Er funnet gjort i Møre og Romsdal, kontakt Møre og Romsdal fylkeskommune.
  • Registrer funnet i funnskjema frå Riksantikvaren (lenke opnast i ny fane)
  • Dokumenter posisjonen til funnet – enten gjennom koordinatar, anna kartavmerking eller GPS-posisjon. Det er viktig at markeringa er så nøye som mogeleg, slik at vi enkelt kan finne tilbake til funnet.
  • Ta kontakt med fylkeskommunen (send ein e-post til post@mrfylke.no eller kontakt ansvarleg arkeolog for marine kulturminne, Arve Eiken Nytun. Send ein e-post til arve.nytun@mrfylke.no eller ring telefon 71 28 03 25.

Skipsfunn som er eldre enn 100 år er automatisk freda

Alle skipsfunn som er eldre enn 100 år er freda etter kulturminnelova. Det er ikkje berre sjølve skipet som fell under omgrepet skipsfunn, men alt inventar eller gjenstandar som stammar frå skip. Det betyr at dersom noko har blitt kasta frå eit skip, går dette under omgrepet skipsfunn og er eit automatisk freda kulturminne. Slike kulturminne har stor verdi som kjelde og det er derfor viktig at slike funn vert meldt inn til fylkeskommunen.

Ikkje berre i havet, men også i fleire av ferskvatna våre er det mogelegheiter for å finne kulturminne. Dette kan vere gamle båtar, men også fangsinnretningar, reiskap eller andre ting som stammar frå menneskeleg aktivitet.

Funn i Møre og Romsdal

I Møre og Romsdal har vi nokre av dei flottaste spora etter skipsfunn i Noreg. Spesielt viktig er funnet av det nederlandske handelsskipet Akerendam, som forliste utanfor øya Runde på Sunnmøre. Akerendam forliste på sin jomfrutur i 1725 og er kanskje mest kjent for den store pengeskatten, som vart funne av sportsdykkarar i 1972. Stopleleiafunnet på Hustadvika er også eit viktig og flott skipsfunn.

Langs mørekysten ligg det fleire viktige kulturminne i og utanfor skipsleia, ved hamner og i buktar og vikar. Enkelte stadar har vi også steinalderbusetting frå den eldre steinalderen som i dag ligg under havnivået. Det er derfor viktig at alle funn eller ting som kan vere eldre enn 100 år vert meldt inn til fylkeskommunen med god informasjon om funnplassen, slik at vi kan undersøke dei nærmare.

Snarvegar

Kontakt