Kulturrabatt for ungdom

Kulturrabatt gir ungdom i alderen 15–20 år rabatt på billett hos ulike kultur- og idrettsarrangement og aktivitetar som fylkeskommunen har gitt tilskot til.

Møre og Romsdal fylkeskommune refunderer ein rabatt tilsvarande 25 prosent per billett. Arrangøren kan i tillegg, på eige initiativ, gi vidare rabatt som arrangøren sjølv tek økonomisk ansvar for. Rabatten er personleg og kan ikkje bli brukt til grupper som for eksempel skuleklassar. Den som bruker rabatten skal vise legitimasjon i døra.

Frå 2021 vil ordninga Kulturrabatt for ungdom også gjelde utvalde arrangørar/aktørar innanfor idrett. Merk at det i 2021 og 2022 ikkje er mogleg å søke om å bli med som arrangørar av idrettsarrangement og aktivitetar i Møre og Romsdal. 2021–2022 vil vere eit år der berre utvalde idrettsarrangørar er med gjennom ei prøveordning.

Søknadsfrist til ordninga er 15. januar kvart år.

Ordninga har eiga Facebook-side (lenke opnast i ny fane) og nye avtalar i ordninga blir kunngjort der. Nokre festivalar i fylket gir større rabatt, som for eksempel Jugendfest og Moldejazz.

Oversikt over aktørar med Kulturrabatt for ungdom i 2021

  • Giskespelet
  • Høstscena i Ålesund
  • Jugendfest i Ålesund
  • Midsundfestivalen
  • Moldejazz
  • Nesset Musikkfest
  • Nordic Light i Kristiansund
  • Arena Nordvest, ishallen i Kristiansund
  • Molde FK
  • Molde HK Elite
  • Stranda skiheiser
  • Tusten skiheiser og Høyt & lavt-parken i Molde
  • Valldal Klatrepark
  • Fosnavåg konserthus
  • Herøy kulturhus
  • Molde kino
  • Nynorsk kultursentrum
  • Operaen i Kristiansund
  • Parken kulturhus
  • Rauma kulturhus
  • Romsdalsorkesteret
  • Sjøborg kino og kulturhus
  • Surnadal kino
  • Teatret Vårt
  • Ørsta kino og kulturhus

Snarvegar

Kontakt