Vilkår for kulturtilskot

Har du søkt – eller skal du søkje – tilskot, prisar eller stipend frå kulturavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune? Her finn du gjeldande vilkår for våre støtteordningar.

Desse vilkåra er generelle og gjeld alle kulturtilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

  • ​​​Tilskotet gjeld prosjektet slik det er skildra i søknaden. Dersom de endrar på prosjektet utan vår godkjenning, kan vi trekke tilskotet tilbake.
  • Tilskotet kan ikkje utgjere meir enn femti prosent av det prosjektet kostar. Det betyr at tilskotet kan bli redusert dersom prosjektet viser seg å koste mindre enn de hadde budsjettert med.
  • Det er stilt krav til føring og revisjon av rekneskap i organisasjonar og institusjonar som får tilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Det skal gå fram av årsmelding og eigen post i rekneskapen at det er mottatt tilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune.
  • Det skal gå fram av program, informasjonsdokument, rapportar og liknande at verksemda har mottatt tilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune.
  • Ordninga med følgjekort for funksjonshemma brukarar skal gjelde for dei opne kulturtilboda som tilskotsmottakarane står som arrangør av. 
  • Tiltak som får prosjekt- eller driftstilskot skal så langt som råd vere tilgjengeleg for alle, og byggje på prinsippet om universell utforming.
  • Tilskotsmottakarar skal legge til rette for bruk av ordninga «Kulturrabatt for ungdom».

Tilbakebetaling

  • Det er ein føresetnad at tiltaket vert gjennomført i tråd med aktuelt og gjeldande lovverk. Om ikkje, vil tilskotet bli kravd tilbakebetalt.
  • Dersom ein søkar gir ufullstendig eller feilaktige opplysingar i søknaden om tilskot, og dette fører til at det blir utbetalt ugrunna eller for mykje, kan tilskotet heilt eller delvis bli kravd tilbake.
  • Dersom det blir utbetalt for mykje tilskot på grunn av feil frå fylkeskommunen, kan den ugrunna delen av tilskotet bli kravd tilbakebetalt.
  • Dersom de ikkje oppfyller vilkåra og rapporteringskrava, vil vi trekke tilskotet tilbake.

Formål med stipendet

Møre og Romsdal fylkeskommune si ordning med kunstnarstipend skal:

  • Fremje kunstfagleg aktivitet av høg kvalitet hos kunstnarar som bur og verkar i fylket.
  • Stimulere til at kunstnarar etablerer seg i fylket.
  • Gje kunstnarar moglegheit til å fordjupe seg kunstfagleg over tid for å utvikle seg og heve den kunstnarlege kvaliteten på arbeidet sitt.
  • Gje kunstnarane høve til å arbeide med nyskapande utviklingsarbeid med relevans i notida sitt kunstfelt.

Vilkår for stipend

  1. Stipend kan søkjast av profesjonelle kunstnarar som har vore busett og hatt sitt virke i Møre og Romsdal dei siste tre åra. Dersom det ligg føre ein særs god søknad frå kunstnarar med noko kortare bu- og arbeidstid i fylket, og som har stort potensiale i seg, kan ein slik søknad likevel vurderast.
  2. Søkjar må ha avslutta og kunne dokumentere kunstarisk utdanning på høskule- eller universitetsnivå i Noreg eller i utlandet. Søkjarar som ikkje har profesjonell kunstfagleg utdanning kan får søknad vurdert dersom dei kan dokumentere tilsvarande kunstfagleg realkompetanse (utstillingar, konsertar, utgivingar mm.) og profesjonell verksemd som søkjarar med formell kunstfagleg utdanning.
  3. Arbeidsstipendet til søkjar innan visuell kunst kan ikkje bli gitt til same kunstnar meir enn to gonger. Unntak kan gjerast dersom det foreligg særskilt gode grunnar i søknad, og det er gått 5 år sidan søkjaren sist mottok stipend.
  4. Stipend kan ikkje nyttast til kjøp av utstyr.
  5. Stipend skal ikkje nyttast til å finansiere oppstart av næringsverksemd.
  6. Søknadsfrist: 1. april. Søknad om stipend skal vere grunngjeve og innehalde prosjektbeskriving, budsjett, framdriftsplan, CV og eventuelle kontraktar for visning/framvisning av prosjekt.
  7. Utlysning av stipendet skjer i tidsrommet januar – mars på Møre og Romsdal fylkeskommune sine heimesider, i lokalpresse og utvalgte faglege organ på nasjonalt nivå.
  8. Kulturavdelinga er sekretariat for stipendet. Det blir innhenta kompetanse frå aktuelle faginstansar i vurderinga av søknadane.
  9. Kultur- og folkehelseutvalet fordeler stipenda etter innstilling frå dei ulike faginstansane.
  10. Stipendmottakarane forpliktar seg til å levere skriftleg rapport seinast innan 1.12 kvart stipendår. Rapporten skal innehalde oversikt over korleis stipendet er brukt og kunstnaren si eiga vurdering av stipendperioden. 75 prosent bli utbetalt ved tildeling og resten blir utbetalt ved rapportering.

Søknaden må innehalde:

  • Skildring og foto av kulturminnet (oversiktsbilete og detaljbilete)
  • Tilstandsvurdering og skildring av det planlagde tiltaket
  • Spesifisert plan for arbeidet frå handverkar og/eller rådgivarar
  • Spesifisert kostnadsoverslag frå restaureringskyndig handverkar og/eller rådgivarar
  • Finansieringsplan

Vilkår for tilskot:

  1. Omsøkte tiltak skal ikkje vere starta opp på søknadstidspunkt. Allereie igangsette arbeid, eller avslutta tiltak, kan ikkje rekne med å få støtte.
  2. Alle tiltak skal skje i samsvar med antikvariske retningsliner for istandsetting, materialbruk og liknande. Sjå også rettleiar nedst på sida.
  3. Bygningane må vere bevart på sin opphavlege plass.
  4. Møre og Romsdal fylkeskommune har høve til å godkjenne utførande handverkar på kulturminne det blir gitt tilskot til.
  5. Tilskotet kan ikkje overstige 50 prosent av budsjettet.

Sjå fullstendige vilkår i PDF-en «Bestemmelser om tilskudd til anlegg for idrett og fysisk aktivitet» (lenke opnast i ny fane).

Ved innsending av søknad om spelemidlar samtykkar søkjar om at de har gjort seg kjent med gjeldande vilkår og retningsliner.

Søknaden må innehalde:

  • Skildring og foto av det aktuelle trehusområdet (oversiktsbilete og detaljbilete)
  • Rapport med beskriving av problem og utfordringar iht. brannsikkerheit
  • Beskriving av nødvendige brannsikringstiltak frå brannvernkyndig ekspertise
  • Spesifisert kostnadsoverslag for både brannsikringsplan og konkrete tiltak
  • Finansieringsplan

Søknaden må innehalde:

  • Skildring og foto av kulturminnet (oversiktsbilete og detaljbilete)
  • Tilstandsvurdering og skildring av det planlagde tiltaket
  • Spesifisert plan for arbeidet frå handverkar og/eller rådgivarar
  • Spesifisert kostnadsoverslag frå restaureringskyndig handverkar og/eller rådgivarar
  • Finansieringsplan

Vilkår for tilskot:

  1. Omsøkte tiltak skal ikkje vere starta opp på søknadstidspunkt. Allereie igangsette arbeid, eller avslutta tiltak, kan ikkje rekne med å få støtte.
  2. Alle tiltak skal skje i samsvar med antikvariske retningsliner for istandsetting, materialbruk og liknande. Sjå også rettleiar på heimesida.
  3. Bygningane må vere bevart på sin opphavlege plass.
  4. Møre og Romsdal fylkeskommune har høve til å godkjenne utførande handverkar på kulturminne det blir gitt tilskot til.
  5. Som hovudregel skal tilskotet ikkje overstige 50-70 prosent av budsjettet. Unntak frå dette må vurderast i lys av formålet med tiltaket, kulturminnet sin verdi, eigaren si nytte og om det ligg føre urimeleg stort vedlikehaldsansvar.

Generelt

Med vårt tilskot, ønsker vi også at søkjar medverkar til å oppnå fylkeskommunen sine kulturpolitiske mål (lenke opnast i ny fane). Vi ber søkjar særleg merke seg prioriteringar i den gjeldande Fylkesplan, i tillegg til regionale delplaner for folkehelse, attraktive byar og tettstader og klima og museum.

Vilkår for tilskot

  1. Det er stilt krav til føring og revisjon av rekneskap i organisasjonar og institusjonar som får tilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Det skal gå fram av årsmelding og eigen post i rekneskapen at det er mottatt tilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune.
  2. Ved tilsegn over 200 000 kroner er det stilt krav om autorisert revisor ved innsending av rekneskap/rapport.
  3. Det skal gå fram av program, informasjonsdokument, rapportar og liknande at verksemda har mottatt tilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune.
  4. Ordninga med følgekort for funksjonshemma brukarar skal gjelde for dei opne kulturtilboda som tilskotsmottakarane står som arrangør av.
  5. Arrangement skal så langt som råd vere tilgjengelege for alle, og bygge på prinsippet om universell utforming.
  6. Vi ber kulturinstitusjonar og frivillige organisasjonar gjere seg kjent med og nytte:
    • Kulturnett Møre og Romsdal sine tenester – www.mr.kulturnett.no (lenke opnast i ny fane).
    • Tilskotsordninga «Kulturrabatt for ungdom».

Krav til rapportering

  • Årsmelding og revidert rekneskap for året før samt budsjett for inneverande år, skal leverast innan 1. juli i året det er gjeve tilskot. Det skal gå fram av dokumenta at dei er vedtatt av årsmøte eller generalforsamling.
  • Rapporten og utbetalingsoppmodning sendast inn via regionalforvaltning.no (lenke opnast i ny fane) innan fristen. Logg inn og finn søknaden som er innvilga, og be om utbetaling.
  • Revisorgodkjent rekneskap (for tilskot over 200 000 kroner er det krav om autorisert revisor).
  • De må levere rapporten seinast 1. november i året det er gjeve tilskot, elles kan ein risikere å måtte betale tilbake tilskotet.

Vilkår for tilskot

  • Det er stilt krav til føring og revisjon av rekneskap i organisasjonar og institusjonar som får tilskot. Det skal gå fram av årsmelding og eigen post i rekneskapen at de har mottatt tilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune.
  • Det skal gå fram av program, informasjonsdokument, rapportar og liknande at verksemda har mottatt tilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune.
  • All rapportering skal sendast inn via regionalforvaltning.no (lenke opnast i ny fane).
  • Utfylt og signert akseptskjema skal leverast så snart som mogleg.
  • Årsmelding og revidert rekneskap for året før, og budsjett for inneverande år, skal leverast innan 1. juli 2019. Det skal gå fram av dokumenta at dei er vedtatt av årsmøte eller generalforsamling.
  • Ved tilsegn over 200 000 kroner er det krav om autorisert revisor ved innsending av rekneskap.
  • Ordninga med følgekort for funksjonshemma brukarar skal gjelde for dei opne kulturtilboda som tilskotsmottakarane står som arrangør av.
  • Arrangement skal så langt som råd vere tilgjengelege for alle, og bygge på prinsippet om universell utforming.
  • Vi ber kulturinstitusjonar og frivillige organisasjonar gjere seg kjent med og nytte:
    • Kulturnett Møre og Romsdal sine tenester – www.mr.kulturnett.no (lenke opnast i ny fane).
    • Tilskotsordninga «Kulturrabatt for ungdom».

Krav til rapportering

Rapporten og utbetalingsanmodning sendast inn via www.Regionalforvaltning.no innan fristen. Logg inn og finn søknaden som er innvilga, og be om utbetaling. Når de ber om utbetaling av tilskotet, lastar de opp følgande vedlegg til utbetalingsanmodninga:

  1. Revisorgodkjend rekneskap
  2. Eventuell årsmelding og andre rapportar

Krav til søknad:

For å sikre ei forutsigbar og kostnadseffektiv gjennomføring av istandsettings- og vedlikehaldstiltak, skal fartøy som har grunnlagsdokumentasjon prioriterast ved tilskot. Grunnlagsdokumentasjon inneber:

  • Oppdatert tilstandsvurdering
  • Teknisk-historisk dokumentasjonsrapport godkjent av forvaltninga
  • Restaureringsplan godkjent av forvaltninga

Det er eit krav om grunndokumentasjon til nye istandsettingsprosjekt med tilskot frå post 74.

Følgande tiltak kan ikkje dekkast av posten:

  • Kostnader knytt til dugnad, reise og opphald
  • Utgifter til sertifisering
  • Administrative utgifter for eigare
  • Museal drift eller virke

Tiltak skal gjennomførast etter antikvariske retningsliner, og i samsvar med andre retningsliner frå forvaltninga.

Søknaden må innehalde:

For at søknaden skal bli behandla må følgande informasjon vere med:

  • Fartøyets namn, byggjeår og konstruksjon
  • Fartøyets eigenart, historikk eller funksjon
  • Opplysningar om fartøyet er verna, eller freda av Riksantikvaren
  • Informasjon om tiltaket
  • Gjennomføring av tiltaket
  • Finansiering og budsjettering
  • (Effekt av tiltaket)

Søknaden må innehalde:

  • Skildring og foto av kulturminnet (oversiktsbilete og detaljbilete) 
  • Tilstandsvurdering og skildring av det planlagde tiltaket 
  • Spesifisert plan for arbeidet frå handverkar og/eller rådgivarar 
  • Spesifisert kostnadsoverslag frå restaureringskyndig handverkar og/eller rådgivarar 
  • Finansieringsplan

Vilkår for tilskot:

  1. Alle tiltak skal skje i samsvar med fredingsvedtaket sine føresegner samt antikvariske retningsliner for istandsetting, materialbruk og liknande. Sjå eigen rettleiar.
  2. Utførande handverkar skal oppgje formell kompetanse og referanseprosjekt med kontaktinformasjon.  Handverkarane skal ha fagskulepoeng eller studiepoeng innan praktisk bygningsvern, eller kunne dokumentere tilsvarande vedlikehaldskompetanse. Generelt skal det stillast krav til at handverkarane tidlegare har teke del i minst tre prosjekt med tilsvarande arbeidsoppgåver.  Sentrale fagpersonar og byggjeplassleiar i utførande firma må kunne norsk for å kunne diskutere kvaliteten ved utføringa av arbeidet. Møre og Romsdal fylkeskommune har høve til å godkjenne utførande handverkar på kulturminne det blir gitt tilskot til.
  3. Som hovudregel skal tilskotet ikkje overstige 50-70 prosent av budsjettet. Unntak frå dette må vurderast i lys av formålet med tiltaket, kulturminnet sin verdi, eigaren si nytte og om det ligg føre urimeleg stort vedlikehaldsansvar. 

Søknaden må innehalde:

  • Skildring og foto av kulturminnet (oversiktsbilete og detaljbilete)
  • Tilstandsvurdering og skildring av det planlagde tiltaket
  • Spesifisert plan for arbeidet frå handverkar og/eller rådgivarar
  • Spesifisert kostnadsoverslag frå restaureringskyndig handverkar og/eller rådgivarar
  • Finansieringsplan

Vilkår for tilskot:

  1. Alle tiltak skal skje i samsvar med fredingsvedtaket sine føresegner, samt antikvariske retningsliner for istandsetting, materialbruk og liknande. Sjå også rettleiar nedst på sida.
  2. Utførande handverkar skal oppgje formell kompetanse og referanseprosjekt med kontaktinformasjon. Handverkarane skal ha fagskulepoeng eller studiepoeng innan praktisk bygningsvern, eller kunne dokumentere tilsvarande vedlikehaldskompetanse. Generelt skal det stillast krav til at handverkarane tidlegare har teke del i minst tre prosjekt med tilsvarande arbeidsoppgåver. Sentrale fagpersonar og byggjeplassleiar i utførande firma må kunne norsk for å kunne diskutere kvaliteten ved utføringa av arbeidet. Møre og Romsdal fylkeskommune har høve til å godkjenne utførande handverkar på kulturminne det blir gitt tilskot til.
  3. Som hovudregel skal tilskotet ikkje overstige 50-70 prosent av budsjettet. Unntak frå dette må vurderast i lys av formålet med tiltaket, kulturminnet sin verdi, eigaren si nytte og om det ligg føre urimeleg stort vedlikehaldsansvar.

Søknaden må innehalde:

  • Namn på arrangør og arrangement, org. nr. og arrangørens kontaktperson.
  • Stad og dato for arrangementet (inkl. lokale og kommune).
  • Eventuelt namn på innleigde profesjonelle utøvarar.
  • Oversikt over medverkande lokale utøvarar, grupper, kor, korps, lag, organisasjonar og andre frivillige.
  • Konkret beskriving av arrangementet, innhald, plan for gjennomføring, målgruppe, forventa deltakarar, samarbeidspartar og program.
  • Beskrive medie- og marknadsføringsstrategi for arrangementet og korleis ei støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune vil bli tydeleggjort.

Vilkår for tilskot:

  1. Etter at søknaden er behandla, vil arrangøren få skriftleg melding. Tildelingsbrevet gir opplysningar om ev. tildelt sum og vilkår som må vere oppfylte før utbetaling skjer.
  2. Det skal gå klart fram av kunngjering (annonse/plakatar/ program o.l.) at arrangementet blir støtta av Møre og Romsdal fylkeskommune.
  3. I Regionalforvaltning må arrangør sende inn rapport med rekneskap seinast 2 månader etter arrangementsdato eller innan fristen som går fram av tildelingsbrevet. Kopi av kunngjering/annonse, plakat m.m. skal ligge ved rapporten. Etter denne fristen blir tildeling som ikkje er gjort opp strokne og midlane vert omfordelt.

Vilkår og forventningar for tilskot

Med vårt tilskot, ønsker vi også at søkjar medverkar til å oppnå fylkeskommunen sine kulturpolitiske mål (lenke opnast i ny fane). Vi ber søkjar særleg merke seg prioriteringar i den gjeldande Fylkesplan, i tillegg til regionale delplaner for folkehelse, attraktive byar og tettstader og klima og museum.

Kultur-, næring-  og folkehelseutvalet presiserer vidare følgjande:

  1. Det er stilt krav til føring og revisjon av rekneskap i organisasjonar og institusjonar som får tilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Det skal gå fram av årsmelding og eigen post i rekneskapen at det er mottatt tilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune.
  2. Ved tilsegn over 200 000 kroner er det stilt krav om autorisert revisor ved innsending av rekneskap/rapport.
  3. Det skal gå fram av program, informasjonsdokument, rapportar og liknande at verksemda har mottatt tilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune.
  4. Festivalar og andre kulturarrangement skal vere offentleg tilgjengeleg, bli arrangert årleg, og vare i minst 3 dagar eller kunne dokumentere arrangement gjennom heile året.
  5. Ordninga med følgjekort for funksjonshemma brukarar skal gjelde for dei opne kulturtilboda som tilskotsmottakarane står som arrangør av. 
  6. Tiltak som får prosjekt- eller driftstilskot skal så langt som råd vere tilgjengeleg for alle, og byggje på prinsippet om universell utforming.
  7. Tilskotsmottakarar skal legge til rette for bruk av ordninga «Kulturrabatt for ungdom».

Krav til rapportering

  • Årsrapport, revidert rekneskap med balanse og noter, revisjonsmelding og melding frå styret for 2019. Desse dokumenta skal vere signerte. 
  • Rapporten sendast inn via regionalforvaltning.no (lenke opnast i ny fane) når festivalen/arrangementet er gjennomført, seinast 1. juli i året tilskot er gjeve.
  • For å rapportere og be om sluttutbetaling må de logge inn i Regionalforvaltning og søke opp søknaden som er innvilga.

Manglande innsending av rapporter kan føre til at tilskot blir heldt tilbake.

Generelt

  • Festivalar og andre kulturarrangement skal vere offentleg tilgjengeleg, bli arrangert årleg, og vare i minst 3 dagar eller kunne dokumentere arrangement gjennom heile året.
  • Ordninga med følgekort for funksjonshemma brukarar skal gjelde for dei opne kulturtilboda som tilskotsmottakarane står som arrangør av.
  • Arrangement skal så langt som råd vere tilgjengelege for alle, og bygge på prinsippet om universell utforming.
  • Festivalar og andre kulturarrangement som mottar treårig tilskot, må ha eksistert i minimum tre år og ha styre og vedtekter.
  • Festivalar og andre kulturarrangement som mottar offentleg tilskot frå kommune, og/eller stat vil bli prioritert.
  • Festivalar og andre kulturarrangement som mottar treårig tilskot, må vise til ein kommunal deltaking på minimum same nivå som det fylkeskommunale tilskotet.
  • Vi ber kulturinstitusjonar og frivillige organisasjonar gjere seg kjent med og nytte:
    • Kulturnett Møre og Romsdal sine tenester, www.mr.kulturnett.no (lenke opnast i ny fane)
    • Tilskotsordninga «Kulturrabatt for ungdom»

Vilkår for tilskot

  • Det er stilt krav til føring og revisjon av rekneskap i organisasjonar og institusjonar som får tilskot. Det skal gå fram av årsmelding og eigen post i rekneskapen at de har mottatt tilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune.
  • Det skal gå fram av program, informasjonsdokument, rapportar og liknande at verksemda har mottatt tilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune.
  • All rapportering skal sendast inn via www.regionalforvaltning.no (lenke opnast i ny fane).
  • Utfylt og signert akseptskjema skal leverast så snart som mogleg.
  • Årsmelding og revidert rekneskap for året før, og budsjett for inneverande år, skal leverast innan 1. juli i året det vert gjeve tilskot. Det skal gå fram av dokumenta at dei er vedtatt av årsmøte eller generalforsamling.
  • Ved tilsegn over 200 000 kroner er det krav om autorisert revisor ved innsending av rekneskap.

Krav til søknad

  • Kort skildring av tiltaket med foto av staden kor tiltaket skal gjennomførast.
  • Dokumentasjon på at tiltaket er avklara med kommune og grunneigar.
  • Kostnads- og finansieringsplan.
  • Plan for korleis tiltaket skal gjennomførast.
  • Der kulturminnet inngår i tiltaket er det i tillegg krav om tilstandsvurdering av kulturminnet.

Vilkår for tilskot

  1. Tilskotet gjeld prosjektet slik det er skildra i søknaden. Dersom de endrar på prosjektet utan vår godkjenning, kan vi trekke tilskotet tilbake.
  2. Fylkeskommunal finansieringsgrad per prosjekt skal normalt ikkje overstige 50 prosent. Viss prosjektet blir finansiert med fleire offentlege tilskot, kan desse ikkje utgjere meir enn 70 prosent.
  3. Det er stilt krav til føring og revisjon av rekneskap i organisasjonar og institusjonar som får tilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Det skal gå fram av årsmelding og eigen post i rekneskapen at det er mottatt tilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune.
  4. Det skal gå fram av program, informasjonsdokument, rapportar og liknande at verksemda har mottatt tilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune.
  5. Tiltak der kulturminne inngår skal ikkje startast opp utan å vere avklart med Møre og Romsdal fylkeskommune. Desse tiltaka skal sikre vernet av dei aktuelle kulturminna på ein god måte, jf. kulturminnelova og eventuelt gjeldande reguleringsføresegner for området.
  6. Tilskotet kan berre dekke materialkostnader til enkle tiltak, som til dømes tilrettelegging eller istandsetting av klopper, dekking med duk, legging av grus og liknande. Kostnadar knytt til innkjøp av verktøy, arbeidskraft eller liknande vert ikkje dekt.
  7. Ved skilting skal de ta omsyn til «Skiltmal for Møre og Romsdal fylkeskommune» og «Skiltmanual 2019», denne ligger på merkehandboka.no (lenke opnast i ny fane). På infotavler skal alltid logo for Møre og Romsdal fylkeskommune være med.
  8. Kulturminne eller tursti som er ein del av tiltaket, skal registrerast i morotur.no (lenke opnast i ny fane).
  9. De skal så langt som råd legge til rette for universell utforming.
  10. De må gjere avklaringar med kommunen om tiltaket krev byggesaksbehandling eller ikkje.

Krav til rapportering

Når de ber om utbetaling av tilskotet, lastar de opp følgande vedlegg til utbetalingoppmodninga:

  • Rapport om prosjektet som gjer greie for resultatet av tiltaket
  • Kvitteringar
  • Eventuelt revisorgodkjend rekneskap (det er ikkje krav til autorisert revisor)

Søknaden må innehalde:

  • Skildring og foto av kulturminnet (oversiktsbilete og detaljbilete)
  • Tilstandsvurdering og skildring av det planlagde tiltaket
  • Spesifisert plan for arbeidet frå handverkar og/eller rådgivarar
  • Spesifisert kostnadsoverslag frå restaureringskyndig handverkar og/eller rådgivar.
  • Finansieringsplan

Vilkår for tilskot:​​​​

  • Alle tiltak skal skje i samsvar med antikvariske retningsliner for istandsetting, materialbruk og liknande.
  • Utførande handverkar skal oppgje formell kompetanse og referanseprosjekt med kontaktinformasjon. Sentrale fagpersonar og byggjeplassleiar i utførande firma må kunne norsk for å kunne diskutere kvaliteten ved utføringa av arbeidet. Møre og Romsdal fylkeskommune har høve til å godkjenne utførande handverkar på kulturminne det blir gitt tilskot til. 

Snarvegar

Kontakt