Mandag 22. januar 10:00 - Fredag 26. januar 15:30

Ålesund, Molde og Kristiansund

Arbeidsverkstad: Treng du hjelp til å utvikle ein innovasjonside?

Som eit ledd i implementerinig av FoI- strategien for kommunal sektor inviterer vi saman med Ålesund, Molde og Kristiansund kommunar til arbeidsverkstad.

Kommunar som har konkrete idear til innovasjonsprosjekt vil få hjelp til å tydeleggjere og utvikle desse.

Arbeidsverkstadane blir arrangert i

  • Ålesund 22.januar – NMK – Blue Innovation Arena
  • Molde blir utsatt til mars 2018
  • Kristiansund 26. januar   – Quality Hotell Grand 

Kommunane vel sjølv tema. Dersom ein siktar seg inn mot ei utlysing , til dømes skjønnsmidlar eller forskingsrådsmidlar kan ein og få rettleiing til søknadsskriving. 

Prosjekta kan vere i samarbeid mellom fleire kommunar, med leverandørar eller med helseføretaket.

Prosjekta kan vere reine innovasjonsprosjekt eller det kan vere forskings- og innovasjonsprosjekt der ein kan ha ambisjon om å finansiere prosjektet gjennom forskingsmidlar. Desse kan vere nasjonale eller retta internasjonale (Horisont 2020). 

For å gi best mogleg rettleiing bør vi ha fått ei kort skildring av prosjektideen innan 18. januar.  

Påmelding innan 18. januar  her. 

Påmelding til arbeidsverkstad innovasjonside
  1. Ved å sende inn dette skjemaet samtykker du i at opplysningar som namn og organisasjon i dette skjemaet blir gjort synleg for andre.
Vis innsendte svar »

Kontaktpersonar

Anna-Marie Hatlestad
Rådgivar
71 28 02 11 / Mob. 924 42 568
Send e-post
Øyvind Herse
Rådgivar
71 28 03 56 / Mob. 913 64 886
Send e-post

Dokument

Program arbeideverkstad
PDF-dokument - 197,93 kB