Kontaktpersonar

Heidi-Iren Wedlog Olsen Heidi-Iren Wedlog Olsen
Fylkeskultursjef
71 28 03 38 /
Mob. 482 81 547
Send e-post
Bjørn Ringstad Bjørn Ringstad
Fylkeskonservator
71 28 04 39 /
Mob. 414 58 971
Send e-post
Frida Berg Frida Berg
Rådgivar
71 28 03 28 /
Mob. 957 30 885
Send e-post

Mølltunet i Geiranger og Sjøholt hotell er freda

Den 7. desember kunngjorde Riksantikvaren at dei har fatta vedtak om å frede klyngetunet i Geiranger og hotellbygningen på Sjøholt. Arbeidet med fredingane er basert på innspel og arbeid gjort av Møre og Romsdal fylkeskommune. 

Sjøholt hotell frå 1904 er freda av Riksantikvaren. 
Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune

Fredingane vart starta opp fordi klyngetunet og hotellet er to unike anlegg, ikkje berre i fylket, men og nasjonalt. -Å bevare desse anlegga gjev oss moglegheit til å formidle vår eiga forhistorie, seier fylkeskonservator Bjørn Ringstad.

Mølltunet

Det unike klyngetunet ruver over Geirangerfjorden og er eit framifrå eksempel på ei tunform som i stor grad er avvikla i dag. Tunet består av tre eigedomar, som alle har våningshus, fjøs og ulike bruksbygningar. I alt er det 12 bygningar på Møll, og 11 av desse er no freda. Områdefredinga tydeliggjer samanhengen mellom landbrukslandskapet og driftsbygningane.
Tunet ligg i verdsarvområdet Vestlandsk fjordlandskap. - Saman med fredinga sikrar dette at både bygningar og kulturlandskapet ved Mølltunet vert ivaretekne med omsyn til heilskapen i området, seier rådgivar Frida Aakervik Berg.

Bilde av Mølltunet i Stranda kommune

Mølltunet i Stranda
Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune

Sjøholt hotell

Hotellbygningen vart satt opp i 1903-1904, etter at det første hotellet brann i 1901. Sveitserstilhotellet med dei monumentale glasverandaene er eit landemerke for reisande gjennom Ørskog. Kronprins Olav og kronprinsesse Martha er blant gjestene som har overnatta ved hotellet.
Hotelldrifta tok slutt kring 1965. Likevel er det høgt potensialet for bruk, og det er lagt vekt på at fredinga ikkje skal vere til hinder for ny bruk.

Stort engasjement hos eigarane

-Eigedomane vart freda fordi dei representerer ein høg verdi for storsamfunnet. Ei felles forståing av kulturminneverdiane er det beste grunnlaget for godt vern i framtida, seier fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen. -Vi er avhengig av eigarar som med stort engasjement og vilje tek vare på ein viktig del av kulturarven. I begge desse fredingane er bygningane i trygge hender, avsluttar Wedlog Olsen.