Kontaktpersonar

Lillian  Sæther Lillian Sæther
Rådgivar
71 28 01 23 /
Mob. 952 80 603
Send e-post

Reiseliv, mat og kultur: Korleis utvikle lønsame opplevingar?

Fylkeskommunen inviterer aktørar frå reiselivsnæringa, lokalmatnæringa og kulturaktørar til fagsamling måndag 13. februar 2018.  

Illustrasjonsfoto: istock.com/gilaxia

Møre og Romsdal fylkeskommune har tatt initiativet til ei satsing på reiseliv, mat og kultur. Møre og Romsdal er eit stort reiselivsfylke, og det største matfylket i Noreg, om ein ser grøn og blå sektor samla. Lokalmat kan vere med å skape den unike opplevinga for aktivitets- og opplevingsturisten. Det ligg også potensial i å kople kulturopplevingar saman med mat og reiseliv. Dette ser vi både nasjonalt og internasjonalt. 

Måndag 13. februar blir det kickoff for hovudprosjektet, der vi inviterer til fagsamling om korleis utvikle lønsame opplevingar i skjeringspunktet reiseliv, mat og kultur. Samlinga skjer i Molde, på Quality Hotel Alexandra. Fagdagen er gratis.  

Dette vil du ikkje gå glipp av – meld deg på allereie no.

Lær av suksesshistorier

Til fagdagen har vi henta inn aktørar som har lukkast andre plassar i Noreg, og som gjerne deler sine erfaringar med oss. Blant desse finn vi: 

  • Sol over Gudhjem – Bornholm. Mads og Mikkel Marschall fortel hemmelegheita bak denne suksesshistoria som mellom anna omfattar direktesendt kokkekonkurranse samt lønsam posisjonering av Bornholm som reiselivsdestinasjon gjennom å kople mat- og reiselivsaktørar.
  • Røros og Rørosmat, Hilde Bergebakken fortel om korleis ein har lukkast med merkevaren Rørosmat og koplingar mellom reiseliv, mat og kultur.
  • Reiseliv, mat og kultur i Møre og Romsdal v/ Ragnar Heggdal, leiar for Styringsgruppa i prosjektet

Konferansier for dagen er Odd Roar Lange, The Travel Inspector, anerkjent reiselivsjournalist og bloggar.

Lunsjen vil bli ei oppleving i seg sjølv, der alle råvarene kjem frå Møre og Romsdal.

Treårig satsing

Satsinga på reiseliv, mat og kultur er ei 3-årig satsing og skjer i fellesskap med næringsaktørar, Innovasjon Noreg og Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Satsinga består av fire delprosjekt, der vi i fase 1 vil arbeide med produktutvikling/konseptutvikling og kompetanseheving, og i fase 2 med marknadsføring/merkeutvikling og distribusjon/logistikk. Satsinga har eit budsjett på 3 mill. kroner årleg i perioden 2018–2020.