Kontaktpersonar

Konrad Lillevevang Konrad Lillevevang
Seksjonsleiar
71 28 02 71 /
Mob. 414 17 224
Send e-post
Marit Holen Marit Holen
Rådgivar marknadsarbeid
71 28 02 68 /
Mob. 975 44 525
Send e-post

Fleire turistar vil reise som dei lokale

Møre og Romsdal fylkeskommune og FRAM sitt konsept «Travel like the locals», turistreiser med kollektivtransport, har hatt ein svært god 2017-sesong. Talet på reisande har auka med 74 % samanlikna med 2016.

Fleire og fleire turistar vel å bruke kollektivtransport til å oppleve fylket vårt.
Foto: Terje Aamodt

2016 var første året med «Travel like the locals». Då var det om lag 3700 reisande. Før 2017-sesongen vart tilbodet marknadsført betre, og det vart oppretta fleire turar. Noko som resulterte i meir enn 6400 reisande i 2017 . -Turistane set tydelegvis pris på å oppleve den fantastiske naturen i Møre og Romsdals frå eit sete i ein vanleg rutebuss frå FRAM, seier Marit Holen, rådgivar i samferdselsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Godt samarbeid

- Destinasjon Ålesund og Sunnmøre er ein svært god og viktig samarbeidspartner for oss, både med tanke på sal av turar og kontakt med turoperatørar og agentar. I Nordmøre og Romsdal vart Romsdal Reiseliv og Handel vår viktigaste samarbeidspartner i 2017, seier Konrad Lillevevang, seksjonsleiar og ansvarleg for marknadsføringa av FRAM.  – Det gode samarbeidet vi hadde i forkant av og under sesongen, har vore avgjerande for at auken av reisande, seier Lillevevang.

Ønsker fleire stader for billettsal

I år har det vore mogeleg å kjøpe billettar og få informasjon over disk, både i Ålesund og Åndalsnes

-Vi jobbar med å få til fysiske utsalsstader også i Molde og Kristiansund før sommarsesongen 2018. - Dette meiner vi er ein viktig faktor for å oppnå større sal, og gjere tilbodet meir kjent, også i Molde og Kristiansund, avsluttar Lillevevang. 

Om Travel like the locals

  •  «Travel like the locals»-turane går med vanleg rutegåande transport, og ein av tankane bak er å utnytte ledig kapasitet om sommaren, når det er færre som reiser til jobb og skole.
  •  «Travel like the locals» er «ferdig pakka» rundturar frå Ålesund, Molde, Kristiansund og Åndalsnes til kjende turiststader i fylket. Ein del av turane er heilårsturar, medan andre berre går i sommarperioden (skoleferien).
  • Turane bestiller du på nett via FRAM si nettside, og via nettsidene visitalesund.com, visitandalsnes.com og visitnorthwest.no. Det er også mogleg å kjøpe turane over disk hos Destinasjon Ålesund og Sunnmøre i Ålesund og hos Romsdal Reiseliv og Handel på Åndalsnes.
  • Dei reisande får ein billett for heile reisa og ei turbeskriving som inneheld litt informasjon om kva ein ser undervegs og ikkje minst ein tabell som viser kor og kor tid den reisande skal bytte til ein annen buss, ferje eller hurtigbåt.
  • Totalt har FRAM omsett for om lag 2,9 millionar via «Travel like the locals» i Møre og Romsdal i 2017. Forutan eigne nettsider, var Destinasjon Ålesund og Sunnmøre og Romsdal Reiseliv og Handel dei viktigaste salskanalane.