Undervisningsevaluering 2017/2018 – Informasjon til elevar og føresette

Det er politisk vedteke at vidaregåande skolar i Møre og Romsdal skal gjennomføre ei undervisningsevaluering i skoleåret 2017/2018. Slike evalueringar av undervisninga har også blitt gjennomført tidlegare, seinast i 2015/2016.

Illustrasjonsfoto: Molde vgs.

Målet med evalueringa er at ho skal vere eit verktøy for kvalitetsutvikling i den vidaregåande opplæringa i fylket. Resultata vil brukast i utviklingsarbeid mellom lærar og elevgrupper, og mellom lærar og avdelingsleiar. Rambøll Management Consulting hjelper fylkeskommunen i design, gjennomføring og rapportering av evalueringa.

Evalueringa gjennomførast som ei elektronisk spørjeundersøking som elevane gjennomfører i skoletida. Det er frivillig for elevane å svare på undersøkinga, men vi oppmodar alle elevar til å delta. Svara behandlast konfidensielt, og ingen vil kunne identifisere enkeltsvar. Det vil berre bli utarbeidd rapportar for grupper med 5 eller fleire svar.

Elevane skal evaluere undervisninga til lærarar. Den enkelte elev skal svare på evalueringa éin eller fleire gongar. Talet avheng av kor mange av eleven sine undervisningsgrupper som blir valde ut til å bli evaluerte. Det er også mogleg at ein elev ikkje skal evaluere nokre grupper. Det er representantar frå kvar skole som har bestemt kva grupper som evaluerast. Spørsmåla er like for alle fag/undervisningsgrupper. Spørjeskjemaet er utvikla i samarbeid mellom Rambøll og Møre og Romsdal fylkeskommune. Skjemaet inneheld spørsmål fordelte på seks tema; Målorientert undervisning og vurdering, Elevmedverknad, Klasseleiing, Tilpassa opplæring, Eigenvurdering og Didaktikk.

Om de har spørsmål til undersøkinga, kan de kontakte Møre og Romsdal fylkeskommune ved rådgjevar Harald Johnny Tomren (harald.johnny.tomren@mrfylke.no) eller Anne Midtsæter (anne.midtseter@mrfylke.no), eller seksjonsleiar Helene Loe Arntsen (helene.loe.arntsen@mrfylke.no).