Informasjon
Oppmeldingsperiodar:
• Våreksamen: 1. januar til 1. februar
• Hausteksamen: 15. august til 15. september
Eksamensavgift
Gjeldande satsar for eksamensavgift er:
kr 1084,- per eksamen for
• fag der du ikkje har standpunkt og/eller eksamenskarakter
• fag du ikkje har bestått (karakter 1) som elev eller privatist
kr 2170,- per eksamen for
• fag du alt har bestått som elev eller privatist
Du finn meir utfylande informasjon om å melde seg opp til privatisteksamen på www.privatistweb.no
Ønsker du melde deg av eksamen kan du sende e- post til eksamen@mrfylke.no. Vi gjer merksam på at eksamensavgift ikkje vert refundert etter at oppmeldingsfrista er ute.
Tidspunkt for eksamen
Eksamen for privatistar arrangerast to gonger i året, i periodane april-juni og november-desember.
Datoar for eksamen:
Datoar for munnleg og praktisk eksamen blir ikkje fastsatt før fristen for påmelding er ute. Du vil i etterkant av oppmeldinga og i god tid før eksamen få brev frå eksamenskolen om tid og stad for din eksamen.
Sted for eksamen
Privatisteksamen arrangerast på 9 vidaregåande skolar i Møre og Romsdal. Når du søker opp faget på Privatistweb, vil du sjå korleis skolar du kan velje mellom. Vi gjer merksam på at fylkeskommunen i etterkant av oppmeldinga, kan endre eksamenskole for privatisten.