Ungdommens fylkesting (UFT)

Ungdommens fylkesting (UFT)

Velkommen til Ungdommens fylkesting 9.-11. november 2018 på Scandic Seilet i Molde.

Val av nytt ungdomspanel - NY frist for å søke er fredag 9. november kl. 24.00
Under UFT skal det veljast nytt ungdomspanel for perioden 2018/2019. UP er arbeidsutvalet til UFT. Eit år i UP er spennande og gjev fleire unike moglegheiter. Dei som har spørsmål til vervet i UP eller kan tenkje seg å stille til val kan ta kontakt med koordinator eller leiar i UP.

På møteplan 2018 finn du sakspapira til møtet. 

UFT2017
 
UFT2017Jon
     
UFT20172
 
UFT20173
     
UP1718
 
UFT20175

 Ungdommens fylkesting 2017 Ålesund

Ungdommens fylkesting

Kvar haust arrangerar Ungdomspanelet (UP) og Møre og Romsdal fylkeskommune Ungdommens fylkesting (UFT). UFT er ungdommane sitt øvste politiske organ i fylket. Dei diskuterar viktige saker som gjeld ungdom i fylket. I tillegg vel dei eit UP som sitt arbeidsutval som jobbar mellom kvart fylkesting. UFT lagar eit handlingsprogram som Ungdomspanelet skal arbeide med det kommande året og Ungdomspanelet rapporterar til UFT om sitt arbeid.

Kvar kommune er representert med to ungdomsrepresentantar. Vedtak fatta av UFT er viktige og retningsgjevande for fylkestingspolitikarane i Møre og Romsdal fylkeskommune. Kvart år blir det invitert forskjellig gjester som stiller med kunnskap og engasjement.

Gjennom UFT og UP skal ungdom i Møre og Romsdal få reel medverknad, kunne påverke politiske saker i fylket og auke ungdommens samfunnsengasjement. UFT og UP skal stimulerer til politisk engasjement samt få opplæring og erfaring i demokratiske prosessar.

Spørsmål: ungdompanelet@mrfylke.no 

Snarvegar