Om turen
Kommune
Ulstein
Type tur
Fottur
Gradering
XX Blå
Lengde tur (km)
6,2
Garnestua frå Haddal
Turbeskrivelse - hvor skal du gå/sykle/padle/gå på ski
Frå parkeringsplassen ved stadion går du vestover på Riset og Spelhaugen.
Stien startar mellom Spelhaugen 9 og 11. Du ser ein markør der stien startar. Stien går på oppsida av husa, så svingar den opp gjennom skogen. Det er nokre bratte parti opp gjennom skogen, men stien er god og lett å gå på og den er delvis merka. Når du kjem ut av skogen går stien etterkvart på ein rygg. Her har du super utsikt. Du passerer Ringstadhornet på veg mot Garnestua og det flatar ut når du nærmar deg Garnestua.
Startsted
På FV653 tek du av til Haddal (avkøyringa lengst vest). Køyr opp Haddalvegen, ta av på Elvabakken like før ei bru, følg skilting til stadion og parker her.
Parkering start
Parker ved stadion. Ev kan du parkere nærmare der stien startar, men pass på at du ikkje står i vegen
Underlag | Lengde i km |
---|---|
Asfalt | 0,5 |
God sti | 5,7 |
Total lengde | 6,2 |
Stigning | meter | grader |
---|---|---|
Total stigning | 605 | Høydemeter |
Offentlig transport
Buss mellom Volda/Ørsta og Ulstein/Hareid
frammr.no