Om turen

Kommune

Sykkylven

Type tur

Skitur

Gradering

XXX Rød

Lengde tur (km)

7

Ausekaret 1202 m.o.h.

Turbeskrivelse - hvor skal du gå/sykle/padle/gå på ski

A. Frå Fausa- skifte. 340 m.o.h
Desimalgrader
Breddegrad: 62.35975
Lengdegrad: 6.82168
Fausaskifte ligg like ved nordaustenden av Nysetervatnet. Første del går opp gjennom slakt skogsterreng til høgre ( nord ) for Revnakken. Ovanfor tregrensa passerer du ein kolle med steinvarde. Herifrå er det bratt oppstigning som endar ved nokre markerte steinar ( ca 900 m.o.h.). Her flatar terrenget ut. Den siste stigninga mot toppen er enkel ,men det lønner seg å halde litt til venstre.

B. Frå Revsdalselva / Nysetra. ( 400 m.o.h. )
Desimalgrader
Breddegrad: 62.35063
Lengdegrad: 6.79417

Første del fører gjennom skogkledd terreng mot Nyseterdalen( Revsdalen). Etter 300-400 meter dreier du til høgre og tek sikte på eit markert søkk som fører opp til Revnakken .Også Kraftlinja går opp her. Frå Revenakken kjem du raskt over mot same rute som er skissert under A. Alternativ kan du gå opp langs kanten lenger til venstre , forbi ein del hamrar og knausar. Dette er meir variert og gir vidare utsyn mort vest
Toppen:
Geografiske koordinater Desimalgrader
Breddegrad: 62.37778
Lengdegrad: 6.77302

Startsted

Du køyrer frå Sykkylven sentrum mot Stranda og tek av ved Fjellseterskifte mot Fausa og Orreneset. Du kan også kome frå Standa og ta av Fjelleseterskifte før Drotninghaug i Sykkylven kommune. Du kjem inn til Sunnmørsalpane Skiarena Fjellseter , men du held fram vidare på grusvegen. Nysetra er ca 4,5 km frå Fjellseterskifte og Fausaskifte er ca 6 km.

Parkering start

Det er ikkje parkeringsavgift ved Fausaskifte eller Nysetra. Ved Fausaskifte er det parkeringsplass, men på store utferdsdagar kan det vere fult. Alternativet er då å parkere langs vegen på dei plassane det gå utan å stenge for trafikken. Ved Nysetra kan du parkere langsvegen. Ver observant på at det er ein del private parekingsplassar.

Underlag Lengde i km
Ikke preparerte løyper 7 km
Total lengde 7
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 500 25
Bratteste helning ned 500 25
Total stigning 860 / 800 m.o.h. Høydemeter

Offentlig transport

Det er ikkje mogleg å kome seg til Fausaskifte eller Nysetra utan privat bil / eigen transport. Det går buss til Fjellseterskifte ( Fjord 1) www.fjord1.no
Ålesund - Stryn t/r, men det er ca 6 km å gå inn til Fausaskifte og 4,5 km til Nysetra.

Kart

Turkart Sykkylven kommune og M 711 Stranda blad 1219 I

Rute på kart