Om turen

Kommune

Vanylven

Type tur

Skitur

Gradering

XXXX Svart

5 x 1000 i Syvdefjella

Turbeskrivelse - hvor skal du gå/sykle/padle/gå på ski

Turen startar fremst i Nordalen, dersom fjellvegen ikkje er åpen må du starte på parkeringsplassen i Nordalen og gå fjellvegen fram til Kvanndalsvatnet, dersom vegen er åpen køyrer du so langt du kjem deg og startar turen der. Frå demninga går du på vestsida av Kvanndalsvatnet, gå ikkje over vatnet då det er regulert slik at der kan vere store sprekker i isen langs kantane, ver også oppmerksom på snøskredfare frå området rundt Kvanndalstinden. Når du kjem fram til dei to bygningane på sørsida av vatnet tek du mot søraust og skråar opp sida mot Kvanndalsegga og kjem opp austafor Mannen, følg så ryggen sørvestover forbi Mannen, når du har passert Mannen går du ned i sørsida og rundar mot sør og kjem opp på søraustsida av Myrkevasstinden, her kan vere ein stor skavl som kan vere vanskeleg å passere, når du kjem opp på topp-platået har du Myrkevasstinden midt på platået, du har også ein lavare tind mot nordaust på same platået, det er Kvanndalstinden 1110 moh, den er ikkje med i turen då den ligg på same platået som Myrkevasstinden. Frå Myrkevasstinden renn du ned mot vest/nordvest og går opp på Blæjeskardstinden, frå Blæjeskardstinden renn du tilbake til lavaste punktet mellom Blæjeskardstinden og Myrkevasstinden og renn sørvestover ned til Blæjeskardet og går sørvestover og rundar rundt Blæja og kjem opp på Blæja frå sørsida. Frå Blæja renn du same vegen tilbake til Blæjeskardet der du svingar mot nord og renn ned til Blæjevatnet, på toppen av Blæjeskardet ligg der ofte ein stor skavl som kan vere vanskeleg å passere, i Blæjeskardet er der også rasfare både frå Blæja og frå Blæjeskardstinden. Når du er komen ned til Blæjevatnet er det sikrast å gå beint over vatnet dersom isen er trygg, er du ikkje sikker på isen, gå på austsida av vatnet, men her også kan det kome snø og steinras, på vestsida av vatnet kan det rase både frå Blæja, Lisjeblæja og fjellryggen imellom. På nordenden av vatnet ligg Blæjevassbu, den er åpen heile året. Frå Blæjevassbu går du rett mot vest til du kjem opp på kanten og ser Brillevatnet nedi Vaspesdalen, då svingar du mot sør og skråar opp sida og kjem opp på lavaste punktet mellom Lisjeblæja og ein topp merka med 924 m på kartet. Derifrå går du mot nordaust opp til toppen på Lisjeblæja. Trimposten står ikkje på høgste toppen men på ein varde på nordvestenden av egga. Frå Lisjeblæja renn du same vegen tilbake til Blæjevassbu. Når du er komen til Blæjevassbu er det berre å gå mot aust, då har du 300 hm til toppen av Sandfjelltua, sida har ei helling på 32 grader so det kan vere ein fordel å spare litt krefter til denne siste store oppoverbakken. Det er best å kome opp på det lavaste punktet mellom Sangfjelltua og Sandfjellegga. Oppe på Sandfjelltua har du 300 hm med ei helling på 28 grader ned til Sandfjelldalen, vel nede i Sandfjelldalen går du over lavaste partiet og renn ned forbi Skoravatnet, du kan sjølv bestemme kva side av vatnet du vil renne på, frå Skoravatnet renn du ned til fjellvegen og renn den ned til bilen. Det er også mogleg å starte turen på Røfsdalssætra og kome inn på turen ved Blæjevassbu. Sjå fotturen Sandfjellegga via Blæjevatnet.

Startsted

Køyr fv 652 til Syvde, ta av til Nordal på nordaustsida av sentrum, køyr så langt fram i Nordalen som vegen er åpen.

Parkering start

Parkeringsplass fremst i Nordalen, eventuelt parkeringsplassar ved fjellvegen.

Underlag Lengde i km
Ikke preparerte løyper 23
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 440 32
Bratteste helning ned 250 30
Total stigning 2100 Høydemeter

Kart

På tur i Vanylven, M711 1119 II, Sunnmorskart.no

Rute på kart