Om turen

Kommune

Volda

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Lengde tur (km)

6

Aurstadsætra frå Årset

Kulturminner

Valborg Hustadnes har skrive bøker om "Sætreliv i Voldafjell" der ho m.a. skriv om Aurstadsætra.

Turbeskrivelse - hvor skal du gå/sykle/padle/gå på ski

Start frå gamle Årset skule. Det er skilta mot Aurstad- og Årsetsætra og med Stikk UT! -skilt. Du går først på sti gjennom skogen. Så kjem du inn på ein attgrodd skogsveg. Etter ca 400 m (N62° 05.234' E6° 15.611') skal du ta av på sti opp til venstre. Sjå etter skilt. Stien er tydeleg opp gjennom skogen. Nokså bratt, men nokre slakare parti innimellom.

Like før Lisjesætra er det eit stidele. Dersom du går via Lisjesætra, går stien derifrå på høgre side av murane og gjennom skogen. Hald rett austover til du kjem til den andre stien. I denne turomtalen er begge turvala logga.Tek du snarvegen, er det nokre våte parti og litt utydeleg sti før du igjen kjem inn på god sti. Følg stien vidare. Du kjem til stidele Aurstad-/Årsetsætra i 400 meters høgde. Følg skilting mot Aurstadsætra. Det er nokså flatt herifrå vidare til du møter stien frå Aurstad som du skal følge vidare til Aurstadsætra.

Stien frå stidele Aurstad-/Årsetsætra er tydeleg i starten. Når du kjem til ei slette/myrområde, vert stien meir eller mindre utydeleg vidare. Stien går skrått opp til venstre når du kjem til sletta/myrområdet (sjå bilete). Vidare går den over ein del myrlendte område og etterkvart over ei bru. Når du møter stien frå Aurstad (N62° 05.635' E6° 17.004'), følger du denne vidare. Denne stien er tydeleg. Du kjem opp på ei høgde der du ser bort mot Aurstadsætra. Ta svakt til høgre. Sjå etter små vardar som markerer kvar du skal gå. Då finn du stien bort til sætra. Ved stor vassføring/snøsmelting kan det vere nokså vått siste biten bort til sætra.

Startsted

Frå Volda på E39 retning mot Stryn: Like før Årsettunnelen tek du av til Årset. Følg vegen til du kjem til skilt Nye gamleskulvegen. Like etter at du har tatt av her ser du gamle Årset skule. Her startar turen.

Parkering start

God plass til parkering ved gamle Årset skule.

Underlag Lengde i km
Traktorveg 0,6
God sti 4,2
Dårlig sti 1,2
Total lengde 6
Stigning meter grader
Total stigning 425 Høydemeter

Offentlig transport

Buss mellom Volda og Stryn til der du tek av til Årset
http://frammr.no/

Kart

Sunnmørsalpane

Rute på kart