Om turen

Kommune

Ørsta

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Lengde tur (km)

4,9

Levandehornet

Turbeskrivelse - hvor skal du gå/sykle/padle/gå på ski

Start frå parkeringsplassen, 360 m.o.h. Gå gjennom ei grind på høgre side av plassen (når du ser mot toppen). Stien svingar til høgre like etter at du har gått gjennom grinda. Følg stien til like før Litledalsvatnet (N62° 16.450' E6° 08.119'), 487 m.o.h.. Her skal du ta sti som går til venstre. Du må passe litt på når du nærmar deg vatnet så du ser kvar du skal ta av. Følg stien heile vegen til topps. Det kan sjå noko skummelt ut siste sida til topps, men stien går godt innpå kanten og det er tydeleg å sjå kvar du skal gå. Du kan også velge di eiga rute. Gi deg god tid til å nyte utsikta på toppen .

Startsted

Køyr på E39 Frå Ørsta til Vartdal. Køyr gjennom 50-sona. Etter MC-senteret er det skilta til Årset. Følg denne vegen (Sætre og Årsetdalen) nokre kilometer framover dalen, til den delar seg til Årsetvegen og Busetvegen. Ta av ned til høgre. Om litt tek du grusveg som går rett fram. Sving til høgre der grusvegen deler seg. Bomstasjon like etter at du har svinga av. (kr. 30 i 2018). Følg grusvegen heilt til endes, ved Busetsætra. Her er romsleg parkeringsplass.

Parkering start

Parkering ved start. God plass

Underlag Lengde i km
God sti 4,9
Total lengde 4,9
Stigning meter grader
Total stigning 600 Høydemeter

Offentlig transport

Nei

Kart

Sunnmørsalpane

Rute på kart