Tettstadprogrammet

Tettstadprogrammet jobbar saman med kommunane for å utvikle levande og attraktive kommunesentra i Møre og Romsdal. Tettstadprogrammet kan bidra med rådgjeving og tilskot til kommunar som ønskjer å jobbe med tettstadutvikling.

Vi kan tilby: 

  • Prosjektutvikling, rettleiing og kvalitetssikring av kommunane sitt arbeid med by- og tettstadutvikling 
  • Arrangere nettverk og møteplassar gjennom fagmøte, seminar, kurs og konferansar 
  • Rettleiing til nasjonale eller internasjonale støtteordningar
  • Økonomisk støtte til prosjekt og tiltak som gjer kommunesentra meir attraktive

Vi jobbar blant anna med:  

  • Byrom og møteplassar for alle i sentrumsområda
  • Kunnskapsformidling, medverknad og prosessar knytt til stadutvikling
  • Fortetting med kvalitet
  • Samlokalisering av funksjonar
  • Nettverk av byrom
  • Gjenbruk av tomme sentrumslokale
  • Snarvegar og forbindelsar for mjuke trafikantar
  • Ivaretaking av historiske kvalitetar og identitetsskapande element
  • Arkitektur, design og innovative løysingar
  • Meir variert bustadstruktur
  • Heilskapleg utvikling

Kva kan vi gi tilskot til?

  • Utarbeiding av kunnskapsgrunnlag for stadutviklingsarbeid, t.d stadanalyser, mulegheitsstudier og arkitektkonkurransar
  • Prosjektleiing og prosessar knytt til stadutvikling
  • Innleige av fagkompetanse
  • Fysiske investeringar i byrom
  • Prosjektering frå ideskisse til detaljprosjekt
  • Tiltak som støttar opp om måla i fylkesplan for berekraftfylket Møre og Romsdal, og er i tråd med statlege retningslinjer og føringar for berekraftig tettstadutvikling.

Snarvegar

Dokumenter

Kontakt