Landbruk

Møre og Romsdal skal ha eit berekraftig og aktivt landbruk over heile fylket. Vi jobbar saman med landbruksnæringa for å auke verdiskapinga i landbruket, basert på bruk av stadeigne ressursar, og for at landbruket skal ta miljø- og klimaansvar som ein del av den nye, grøne økonomien.

Våre oppgåver er å:

  • Forvalte tilskot til næringsutvikling, rekruttering og kompetanseheving i landbruket
  • Leie partnarskap for landbruket i Møre og Romsdal
  • Delta i samarbeidet om Kystskogbruket
  • Arbeide for best mogleg rammevilkår for landbruksnæringa i fylket
  • Utarbeide Fylkesstrategi for landbruk, og bidra til gjennomføring av tiltak saman med landbruksnæring og forvalting

Snarvegar

Kontakt