Her kan du søke om løyve til akvakultur, nye oppdrettslokalitetar eller om endring av eksisterande lokalitetar.
Ta gjerne kontakt med ein av våre rådgivarar i forbindelse med utarbeiding av søknaden. Send ferdig utfylte søknader med vedlegg til post@mrfylke.no
Du kan også sende ferdig utfylt søknad på eDialog.
Fyll ut alle punkt i søknaden. Som søkar har du ansvar for at den inneheld alle nødvendige opplysingar. Ufullstendige søknader forsinkar søknadsprosessen og kan bli returnert. Saman med kommunen må du sørge for at søknaden blir lagt ut til offentleg innsyn og kunngjort.
Etter at vi har mottatt søknaden din, kvalitetssikra og sjekka at den er komplett , sender vi søknaden vidare til den aktuelle kommunen for offentleg ettersyn og kommunal behandling etter plan- og bygningsloven. Søknaden blir samstundes sendt til sektormyndigheitene for behandling etter sektorregelverket.
Vi mottek kommunen sin uttale med eventuelle merknadar frå den offentlege høyringa, og sender desse til sektormyndigheitene før desse gjer sine vedtak og uttaler.
Mattilsynet avgjer søknaden etter matlova, Kystverket avgjer søknaden etter hamne- og farvasslova, og Fylkesmannen si miljøvernavdeling avgjer søknaden etter forureiningslova. Fylkesmannen gjev også uttale om naturverns,- frilufts,- fiske- og viltinteresser, medan Fiskeridirektoratet gjev uttale om tradisjonelle fiskeriinteresser. For landbaserte anlegg må søkar få løyve frå NVE til uttak av ferskvatn etter vassressurslova før søknaden blir sendt fylkeskommunen.
Tidsfristane for behandling av akvakultursøknader er regulert i ei eiga forskrift.
Vi gjer ei samla vurdering om å gi løyve eller avslag etter akvakulturlova, basert på vedtak og uttaler frå sektormyndigheitene.
Saksbehandlingsgebyret for å søke om akvakulturløyve er 12.000 kr. Gebyret må vere betalt før søknaden blir behandla, og kvitteringa må leggast ved. Ved søknad om samlokalisering skal det betalast eit gebyr pr. søkar pr. lokalitet. For fiskarar som søker om løyve til oppbevaring av eigen fangst som ein del av akvakulturverksemda, er gebyret på 3.000 kr.
Endringar på lokaliteten som går utover gjeldande løyve, vil normalt innebere krav om ny søknad. I tillegg til sakshandsamingsgebyret vil det også bli kravd gebyr for saksbehandling etter forureiningsforskrifta. Fylkesmannen vedtar kva gebyrsats som gjeld for kvar enkelt søknad.
Akvakultursøknaden skal vere ferdig behandla innan 22 veker. Ein føresetnad er at:
Sjå Forskrift om samordning og tidsfrister i behandlingen av akvakultursøknader.
Ønsker du å klage på fylkeskommunen sitt vedtak om løyve eller avslag på akvakultursøknaden, send den først til oss. Hvis vi står ved vedtaket, skal vi sende klagen vidare til Fiskeridirektoratet.
Det er Fiskeridirektoratet region Midt, Mattilsynet Region Midt og Fylkesmannen i Møre og Romsdal som driv tilsyn med akvakulturnæringa.
Vi oppfordrar akvakulturnæringa og næringslivet generelt til å involvere seg i kommunane si arealplanlegging i sjø og andre planar som omfattar næringsutvikling, blant anna gjennom å gi innspel i høyringar.
Som fylkeskommune har vi myndigheit til å gi motsegn på kommunane sine arealplanar dersom desse strir mot akvakulturinteressene.