Akvakultur

Jobbar du med saksbehandling av akvakultur eller arealplanlegging i sjø? Ta kontakt med oss om du ønsker fagleg rådgiving og kunnskap.

  • Vi har ansvar for å tildele nye akvakulturløyve for oppdrett på land av alle artar, som laks, aure og marine artar, i tillegg til akvakulturløyve i sjø for marine artar (for eksempel torsk), skjel, skaldyr og tang og tare 
  • Vi har også ansvar for å gi løyve til etablering av nye akvakulturlokalitetar og løyve til endring på eksisterande akvakulturlokalitetar for laks og aure i sjø.
  • Før vi gjer vedtak om å avslå eller gi løyve, samordnar vi alle søknadar mellom næringsaktørar, kommune og sektormyndigheiter.
  • Vi er med i Fylkeskommunenes Akvakultursamarbeid (FAKS), som samordnar akvakulturforvaltninga på tvers av fylkesgrensene
  • Dersom kommunale arealplanar i sjø er i strid med akvakulturinteressene, har vi myndigheit til å fremme motsegn. 

Snarvegar

Kontakt