Klimaarbeid

Møre og Romsdal ønsker å ta ei tydeleg rolle i å utvikle eit berekraftig samfunn for framtida.

FNs berekraftsmål (FN17) er verdas felles arbeidsplan for å utrydde fattigdom, bekjempe ulikskap og stoppe klimaendringane. Å stoppe klimaendringane ligg i FNs berekraftsmål 13. Målsettinga er å handle omgåande for å motarbeide klimaendringane og konsekvensane av dei. Ein må altså både jobbe for å redusere utslepp av klimagassar og bygge robuste samfunn som handterer konsekvensane av dei klimaendringane som kjem.

Noreg har forplikta seg til å følge opp desse måla. Noreg har og forplikta seg til klimagassreduksjonar gjennom Parisavtalen.

Møre og Romsdal fylke har sett eigne mål for å handtere klima- og naturkrisa. Mellom anna har fylket sett seg som langsiktig utviklingsmål å bli miljøfylke nr. 1. Dette langsiktige utviklingsmålet blir støtta opp av fylkesplanmåla. Møre og Romsdal skal:

  1. redusere klimagassutsleppa slik at fylket er klimanøytralt i 2030, og bidra til 55 prosent kutt i ikkje-kvotepliktig sektor
  2. forvalte sjø- og landareala slik at det blir lagt til rette for berekraftig verdiskaping, basert på ein arealbruk som avgrensar behovet for trans­port, og hindrar unødvendige landskapsinngrep
  3. ha god tilstand på 90 prosent av økosystema både på land og i vatn, og stanse tap av naturtypar og artar
  4. bevare viktige landskap, og redusere tapet av verdifulle kulturminne og kulturmiljø til under 0,4 prosent årleg
  5. basere auka produksjon og bruk av energi på energieffektivisering, fornybare energikjelder og utsleppsfri energi
  6. førebygge at uønskte hendingar skjer, og ha ein fysisk, digital og organisatorisk infrastruktur som er rusta til å takle klimaendringar og akutte kriser
  7. ha ein leiande posisjon i utviklinga av ein grøn sirkulær økonomi med høg grad av gjenbruk, og god avfallshandtering

Måla gjeld heile samfunnet; innbyggjarar, næringsliv, lag og organisasjonar, kommunar og fylkeskommunen.

Fylkeskommunen si verksemd fører til klimagassutslepp. Dei største utsleppa frå verksemda vår skuldast kollektiv- og ferjetilbodet. For å nå målet om 55 % reduksjon i klimagassutslepp har fylkeskommunen tatt i bruk miljøferjer på ein del samband, og elbussar er på veg inn i dei tre største byane våre. Vi arbeider også med å redusere klimagassutslepp og energibruk i fylkeskommunale bygg.

For å få oversikt over klimagassutsleppa både i verksemda og fylket har fylkeskommunen laga sitt første klimabudsjett, for 2022. Eit klimabudsjett er eit styringsverktøy som skal bidra til å følgje opp vedtatte mål om klimagassreduksjon og andre vedtatte klimamål.

 

Snarvegar

Dokumenter