Sjøaureprosjekt - "Mange bekker små"

Tilstand og tiltak for sjøaure i Møre og Romsdal

Sjøauren har hatt ein tilbakegang i fylket i ein lengre periode. Det er no starta eit prosjekt for å betre tilhøva for sjøauren. I prosjektet skal ein kartfeste leveområda til sjøauren i vassdraga i Møre og Romsdal. Prosjektet er eit samarbeid mellom Møre og Romsdal fylkeskommune og Fylkesmannen i Møre og Romsdal. 

Målet med prosjektet er å auke kunnskapen og kartfeste alle sjøaurebekkene i fylket. Vi har vidareutvikla eit kartleggingsverktøy som skal brukast i feltarbeidet. Feltarbeidet skal registrere tilstanden for sjøauren i vassdraget. Gyteforhold og oppveksttilhøve, hindre som gjør det vanskelig for auren å vandre oppover i vassdraget, manglande kantvegetasjon og andre påverknader skal kartfestast. Kartlegginga og registreringane vil brukast til å planlegge og gjennomføre vidare tiltak for å betre tilhøva for sjøauren.  

Medverkande i prosjektet

Prosjektleiar: Håkon Slutaas, Møre og Romsdal fylkeskommune

Prosjektdeltakarar:

  • Pernille Eriksdatter Giske, Møre og Romsdal fylkeskommune
  • Arne Håkon Sandnes. Møre og Romsdal fylkeskommune
  • Even Tranmæl, Møre og Romsdal fylkeskommune
  • Geir Moen, Fylkesmannen i Møre og Romsdal
  • Åsa Fredly, Norsk jeger og fiskeforening Møre og Romsdal

Fylkeskommunen og Fylkesmannen inviterer lag og foreiningar til å delta i eit samarbeidsprosjekt for å kartfeste leveområda til sjøauren i vassdraga i fylket. Lokal kunnskap og opplysningar er avgjørande i eit slikt prosjekt, da det er dei som sit med historisk informasjon om sjøaurebekkane, vandringsstrekker og korleis vasstrengen så ut før. Saman med flyfoto, historiske kart og gamle notatar kan ein samanlikne dagens fiskeundersøkingar med korleis det var. I tillegg til at lokalbefolkninga er kunnskapsrik, vil deltaking frå dei også bidra til å forankre prosjektet blant innbyggarane og dei lokale fiskeforeiningane og elveeigarlaga.  

Ein kartlegging av faktiske og potensielle aureførande vassdrag er eit viktig ledd i arbeidet med oppfølging av vassforskrifta og for å få til heilskapleg vassforvaltning. Ved å sette i gang med eit slik prosjekt vil fleire kommunar samarbeide om eit felles mål som alle har interesse av. I tillegg vil frivillige organisasjonar, grunneigarar og andre vere delaktige. Dette bidreg til å få og gje lokal kunnskap og lokalt engasjement og tilhøyrsle 

 

Sjøaure (Salmo trutta trutta) er ein anadrom laksefisk med utbreiing i Europa. At sjøauren er anadrom betyr at han er ein ferskvassfisk og lever dei første åra av livet i elver og bekkar, før han ved ein viss storleik blir smolt (to til fire år) og vandrar ut i sjøen. Der finn han betre næringsgrunnlag og kan vekse og bli gytemoden raskare. Sild, krepsdyr og insekt er vanlig føde. Utvandringa til fjordane skjer om våren. Sjøauren oppheld seg i fjordane heile sommaren, i motsetning til laksen som svømmer til havs. Sjøauren er i fjordane fram til seinsommar eller tidleg haust. Då svømmer han tilbake til den same bekken han vaks opp for å gyte. Sjøauren vandrar årleg mellom ferskvatn og sjø. Han blir gytemoden i fem til sju års alder, og nesten halvparten av all sjøaure gyter meir enn éin gong i løpet av livet. I Noreg lever sjøauren langs heile kysten i alt frå små bekkar til store elver. I mange vassdrag lever han saman med laks, og artane har i utgangspunkt dei same krava til gyte- og oppveksthabitat. Sjøaure kan utnytte betydeleg mindre vassdrag til gyting enn kva laksen kan.

TEMARAPPORT FRA VITENSKAPELIGRÅD FOR LAKSEFORVALTNING NR 7 

Klassifisering av tilstanden til 430 norske sjøørretbestander 

Møre og Romsdal var sammen med Sogn og Fjordane fylket med dårligst tilstand for sjøørretbestandene.

De fleste bestandene var i dårlig eller svært dårlig tilstand. Bare én bestand var i god tilstand. Videre var 11 % av bestandene i moderat tilstand, 66 % i dårlig tilstand og 21 % i svært dårlig tilstand. Møre og Romsdal var blant fylkene som var sterkest påvirket av menneskelig aktivitet. Lakselus hadde den største effekten, fulgt av samferdsel, landbruk og fangst, ut fra hvor stor negativ effekt hver påvirkning ble vurdert til å ha på bestandsstørrelser. 

De samme påvirkningene var også viktig i form av antall påvirkede vassdrag, men arealinngrep og vannkraftreguleringer påvirket også relativt mange vassdrag. Det var 61 vurderte bestander. 

Illustrasjon over sjøaurebestanden i Møre og Romsdal:

Illustrasjon sjøaurebestand i Møre og Romsdal

Bilde og andre registreringar blir lasta opp i eit digitalt verktøy. I løpet av sommaren kjem det ein variant der alle kan følge med på kva som blir kartlagt.

Fangst av sjøaure i elvefiske i Møre og Romsdal er sterkt redusert sidan toppåret 2000. I tillegg til generell nedgang i bestandane er fangstresultatet påvirka av strengare fiskerestriksjonar i ein del elvar.

Illustrasjon: statistikk over fangst av sjøaure i elvefiske i Møre og Romsdal

 

 

Snarvegar

Kontakt