1 283 husstandar i Møre og Romsdal får betre breiband

Fylkespolitikarane har fordelt 21,7 mill. kroner til breibandutbygging i område der kommersiell utbygging ikkje er lønsamt.

Skriv ut

- Alle har behov for raskt og stabilt internett, og breiband med høg kapasitet er i dag heilt nødvendig infrastruktur, seier leiar i regional og næringsutvalet, Runar Vestheim.

Stortinget har for 2019 løyvd 250 mill. kroner til utbygging av breiband i område der kommersiell utbygging ikkje er lønsam. Av desse gjekk 17 211 283 kroner til Møre og Romsdal. Midlane vart lyst ut før sommaren, og det kom inn 13 søknadar på til saman 39 675 906 kroner. Fylkesrådmannen har derfor foreslått å legge inn 4 536 723 kroner ekstra i potten. Dette er midlar frå tidlegare rundar med utlysingar, der prosjekta enten ikkje har blitt realisert, blitt billigare enn planlagt, samt renteinntekter.

Fylkespolitikarane behandla saka tysdag 3 september og vedtok følgande fordeling:

SøkarOmrådeTilskot, kronerTilskot, prosent av totalkostnad
TingvollGrimstad – Kvisvik912 00023%
Volda

Bjørkedalen – Straumshamn

1 557 27231%
StrandaStrandadalen1 180 00030%
SurnadalMauset144 00040%
GjemnesFurset-Åndal, Bergsøya vest og sør1 852 80040%
AureSkardsøya1 999 70440%
Nye Fjord kommuneEidsdal, Valldal og Stordal7 447 47440%
RaumaSøvik-Hovde782 24040%
HareidAlmevegen, Ulsetleitet, Snipsøyr, Hjørungneset1 406 82440%
Nye ÅlesundFlemsøy/Skuløy og Haramsøya4 465 69240%
 Sum21 748 006 

 

Denne tildelinga vil gi eit grunnleggande breibandstilbod til 515 husstandar som i dag har kapasitet på mindre enn 10 Mbit/s. Det vil gi nytt tilbod til 352 husstandar som i dag har Telenor sitt vedtatt nedlagde koparnett som einaste alternativ, og det vil forbetre breibandstilbodet for 416 husstandar som i dag berre kan få breiband på inntil 30 Mbit/s. Til saman vil 1 283 husstandar, bedrifter eller institusjonar få tilbod om breiband med kapasitet på over 30 Mbit/s.

Her kan du lese saksframlegget

Kontakt