1,5 millionar kroner til digitale tvillingar

Fylkespolitikarane vil ha digital samfunnsutvikling og har tildelt 500 000 kroner til Molde og 1 mill. kroner til Kristiansund  for å utvikle digitale tvillingar for å kartlegge kor berekraftige byane er per i dag.

Skriv ut

-Satsinga byane våre gjer på berekraftkartlegging blir lagt merke til langt utover vårt eige fylke og er ein glimrande start for satsinga «Berekraftfylket Møre og Romsdal», seier leiar for kultur, nærings- og folkehelseutvalet, Marit Nerås Krogsæter.

 

Kva er ein digtal tvilling?

Ein digital tvilling er ei visuell framstilling av kommunen der ein kan legge inn data om alt frå trafikk og luftkvalitet til demografidata og reguleringspladata, for deretter å simulere verkelege hendingar i sanntid. I fjor fekk Ålesund tilsvarande støtte, og no følger altså Molde og Kristiansund på. Bakgrunnen er at alle dei tre byane har gått inn i det internasjonale nettverket «United for Smart Sustainable Cities (U4SSC). Her skal byane kartleggast etter 92 indikatorar som samla gir eit bilde av kor byane står i dag, sosialt, økonomisk og miljømessig.

-Dette er nybrottsarbeid, og byane vil ha mykje å lære av kvarandre. Satsinga sender Møre og Romsdal og dei tre byane i front internasjonalt når det gjeld å ta i bruk ny teknologi i samfunnsplanlegginga. Denne satsinga vil også gjere det mogleg for oss politikarar å sjå simuleringar av vedtaka våre før dei kjem ut i live, og at det kan gjere enno betre avgjersler på vegner av innbyggjarane våre, seier Krogsæter.

Midlane går gjennom prosjektet Byen som regional motor og skal gjennomførast i samarbeid mellom kommunane Kristiansund, Molde og Ålesund og Møre og Romsdal fylkeskommune.

Kultur, nærings- og folkehelseutvaletUtvalet behandla saka tysdag 4. februar.

Kontakt