11 mill. til by- og tettstadutvikling
No kan kommunar søke om tilskot til by- og tettstadutvikling. Det er lyst ut fem mill. kr til byprosjekt, og fire mill. kr til tettstadprosjekt. Frist for å søke er 2. mai.
I tillegg blir det lyst ut ytterlegare to mill. kroner gjennom tettstadprosjektet, med frist 2. oktober 2023.
Dette vart vedtatt i kultur,- næring- og folkehelseutvalet 31. januar.
Vil styrke sentrum
Tilskotsordninga, som blir forvalta av Program for berekraftig by- og tettstadutvikling, skal bidra til å gjere byar og tettstadar i fylket meir attraktive og berekraftige. Dette er satsingsområda i 2023:
- Samarbeid om sentrumsutvikling: offentlege og private aktørar må samarbeide om verkemidla og prosjekta slik at dei drar i same retning.
- Kvalitetsheving av byrom: miljø og inkluderande arkitektur som legg til rette for at folk kan møtast, og som bidrar til å utvikle ein attraktiv, genuin og innbydande by.
- Mobilitet: prosjekt som testar ut nye løysingar og legg til rette for berekraftig mobilitet
- Bustad og bustadpolitikk: prosjekt som aukar kompetansen og styrker samarbeidet om å utvikle framtidsretta og berekraftige bumiljø og nabolag.
- Sirkulær stadutvikling: finne løysingar som bidrar til reduksjon av transport, som reduserer tap av natur- og jordbruksareal, og stimulerer til ombruk av for eksempel bygg og forbruksvarer.
- Smarte byar: bruke ny teknologi, innovative metodar, samskaping for å bli meir berekraftige og sette innbyggarane i sentrum. For Ålesund, Molde og Kristiansund kommune, i samarbeid med andre.
Ti fekk støtte
I 2022 fekk ti kommunar tilskot til medfinansiering av konkrete by- eller tettstadutviklingsprosjekt: Hustadvika, Averøy, Sykkylven, Ørsta, Stranda, Volda, Aure, Ålesund, Molde og Kristiansund.
Styrke attraksjonen
Program for berekraftig by- og tettstadutvikling skal bidra til ‘…å gjere stadene våre til meir attraktive rammer for gode kvardagsliv. Byrom med høg kvalitet, effektive mobilitetsløysingar og smartare og grønare kommunale tenester vil kunne vere viktige bidrag til meir attraktive og berekraftige byar og tettstader’, heiter det i saksframlegget.